Gå til sidens hovedinnhold

Kven står bak skandalen?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når tall blir triksa og fiksa slik at Romsdalsaksen skal kome dårleg ut, Møreaksen derimot blir sminka til nærmast rosenes farge, så må det vere nokon som har ansvaret?

Kven har ansvaret for skandalen som TK har avslørt, og kven har snakka saman?

Navn blir nevnt, men plutseleg er enkelte i Møreaksen-klanen brått blitt «usynlige», og truverdigheita til denne gjengen der er rett og slett berre fordufta !

Møreaksen har stole sanninga, og frarøva Romsdalsaksen ei rettvis ugilda seriøs utredning, styrt av nokre få maktpersoner med altfor tette bånd og som burde vore takla ut av saksfeltet for lengst av Riksrevisjonen.

Møreaksen må stoppast dersom trua på demokratiet skal leve vidare her i fylket, folket må faktisk få lov til å bestemme.

Kva tillit har Statens vegvesen og regjeringa styrt av leder i Transportkomiteen Orten og med KrF Statsråd, når partia Høgre og KrF stemte imot her i fylket å sende Møreaksen saka til gransking ?

Er det nokon som tviler på at Orten i Høgre og Harry Valderhaug i KrF tek ein tlf til sine?

Og, når eg ser innlegget frå SP i dag ved Jenny Klinge og Geir Inge Lien, trenger absolutt ingen tvile på at SP = Møreaksen !

Nei, Stortinget og Riksrevisjonen må gripe inn, før skandalen blir enda større!

Frp seier NEI til Møreaksen og ja til Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.

Les også

Eposter avslører: Avviste å utrede antatt billigere versjon av Romsdalsaksen

Kommentarer til denne saken