Kven skal rydde opp i giftdeponiet i Molde om 50 år?

Av
DEL

MeningerLangøyene i Oslo hadde avfallsdeponi fram til 1950. No 70 år etterpå kostar det kommunen opp mot 300 millionar kroner å rydde opp etter år med utlaking av giftstoff og no seinast kom bosset rett opp av bakken.

«Det er særlig konsentrasjoner av bly, kvikksølv og såkalte polysykliske aromatiske hydrokarboner (PAH) som kan utgjøre en helserisiko» heiter det i Multiconsult sin rapport. Dette har fått Oslo kommune til å reagere og stenge øya fram til 360 tusen tonn jord er påført og sikring av deponiet er utført.

Er dette situasjonen i Molde når alle har forlatt Raudsand og berre avsiget er igjen? Kva vil det koste i kommunebudsjettet for ikkje å snakke om tilhøva for folket på Raudsand og i Sunndalsfjorden?

Er det Miljødirektoratet, Kommunaldepartementet, Miljøverndepartementet eller kanskje Nesset Næringsforening som skal rydde opp i framtida?

Sv-politiker Bjørn Jacobsen farer ikke med løgner

Deponisaken: Store selskaper – sterke krefter

Mørke krefter og stygge påstander

Er det dette vi i Molde skal by framtidige generasjonar? Kan vi aldri lære at å fylle avfall oppå avfall som ikkje er sikra mot avsig i botnen umuleg kan bli bra?

Då har eg enda ikkje nemnt planane om Nasjonalt deponi for farleg uorganisk avfall. Høgsterett har dømt, utøvande makt gjer tillatelse til å fortsette og lovgivande makt klare ikkje å komme opp med ein avfallspolitikk som samsvarar med den nasjonale avfallspyramiden. Den som skulle ha vore nasjonal politikk i snart ein generasjon!

Dømmande, utøvande og lovgivande makt må bli einige. Kor lenge skal folket og fjorden lide for gamle og nye miljøsynder?

Molde kommune har per definisjon planmyndigheit og kan omregulere heile Raudsand-området om vi vil. Og vi vil sette miljø og helse først og med det ikkje gje tillatelse til nytt deponi.

Molde SV kjem i kommunestyret til å støtte formannskapets innstilling om å ikkje gje tillatelse til å bruke ei avkjøring som føre til stort deponi.

Det er ikkje opprydding i møllestøvsekkane, men tildekking vi snakka om. Vi treng då ei avgrensing i m2 masse og enda tydelegare tidsavgrensing.

Molde SV vurdere derfor å foreslå følgjande tillegg til Molde formannskap sitt vedtak: «Det gis en tillatelse til å bruke avkjøringa for å dekke til møllestøvsekkene som ligg i deponi 2 med inntil 21.700 m2 ikkje farleg masse. Dette tidsbegrensast til ut 2020.»

Dette på tross av at møllestøvsekkane burde vore behandla som det spesialavfallet det er og som avsendar har betalt for. Og noken har mottatt betaling for.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags