Gå til sidens hovedinnhold

Kven betalar prisen?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

På fredag er det «black friday». Eit meir passande namn finst ikkje. For denne fredagen er utan tvil den svartaste fredagen i året.

Tradisjonen kjem opphavleg frå USA og markerer starten på julehandelen. Dei siste åra har denne tradisjonen spreidd seg til Noreg, og i tillegg har fleire butikk-kjedar utvida konseptet til «black week». Ei heil, lang, svart veke. Viss du er ein av dei som bruker anledninga til å handle noko du absolutt trenger, så er det ikkje det som er problemet. Problemet er at vi aukar forbruket vårt og kjøper ting vi ikkje trenger fordi det er ein god pris. Utan å ofre det ein tanke. Men kanskje vi burde tenkje før vi kjøper?

Når vi kjøper noko til ein pris som er for god til å vere sann, er det som regel for godt til å vere sant. For kven er det eigentleg som betalar prisen for at vi skal få alle moglege duppedittar til ein lågast mogleg pris? For det fyrste må jordkloden og miljøet betale for overforbruket til oss i vestlege land. Viss alle menneske på jorda skulle hatt same forbruk som ein gjennomsnittleg nordmann, hadde vi trengt 3,4 jordklodar. Tenk på det. Vi har berre ein jordklode å dele på. Når vi forbruker så mykje av dei ressursane vi har, kva er igjen til dei andre? Nokre andre som må betale prisen for overforbruket vårt er dei menneska som produserer det vi forbruker. Har du høyrt om Rana Plaza? Bygningen i Dhaka med fire tekstilfabrikkar som kollapsa? 1138 arbeidarar døydde og meir enn 2500 blei skada. På grunn av heilt elendige arbeidstilhøve. Dette er nokre av menneska som måtte betale prisen for at vi skal få «ta 3 betal for 2» på allereie billige klede som for mange blir sett på som bruk og kast.

På «black friday» i år håper eg vi kan prøve å tenkje oss om før vi kjøper utan å tenkje. Billig for oss, men kven er det som betalar prisen for at vi skal få det så billig? Og når vi hugsar det… Er det eigentleg verdt prisen?

Les også

Markerer motvekt til Black Friday

Les også

Nå dropper flere butikker Black Friday - dette er årsaken

Les også

Venter du på Black Week? Da må du ikke kjøpe disse varene nå!

Kommentarer til denne saken