Kva vil du, Rasmussen?

Rasmus Rasmussen forgiftar tilhøvet mellom Nordmøre og Romsdal, og fyrer opp under den giftige fogderistriden, skriv Lars Valderhaug.

Rasmus Rasmussen forgiftar tilhøvet mellom Nordmøre og Romsdal, og fyrer opp under den giftige fogderistriden, skriv Lars Valderhaug.

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eg hadde tenkt at mitt førre innlegg skulle vere det siste, men eg tar oppmodinga di om svar til fylgje.

Som eg skreiv sist, så omskriv og tolkar du mine uttalar som det passar deg, trekkjer slutningar av dei det ikkje er grunnlag for, innrømmer ingenting, utvidar temaet for debatten og held fram med din patetiske kamp mot Bunadsgeriljaen på eit syltynt konspiratorisk grunnlag. Og no gjer du det igjen!

Bunadsgeriljaen tok fatt i det mest akutte, det som det hasta mest med, nemleg å hindre at fødeavdelinga i Kristiansund vart nedlagt i løpet av den korte tida det var tale om. At vi starta med dette, og etter kvart også utvida engasjementet vårt til å ville berge mest mogeleg av sjukehuset, kva i alle dagar er falskt med ein slik framgangsmåte og prioritering? Meiner du at det falske vi gjorde var at vi ikkje gjekk breitt ut frå dag 1? Det er vanskeleg å sjå for seg at sjukehuset i Kristiansund skulle bestå berre av ei fødeavdeling, så ei utviding av engasjementet var naturleg, og heller ikkje noko falskt ved. Din påstand om at det er tidspunktet denne utvidinga av engasjementet blir «innrømt» som er det klanderverdige, når tidspunktet for denne skuldinga vart framsett kort tid etter at Bunadsgeriljaen vart etablert, det er ikkje truverdig, Rasmussen! Og din påstand om at dette var «omdømmebygging for å skaffe seg økt sympati og oppslutning» er derfor ein grunnlaus og uforståeleg påstand.

Løgn og falske profetar

Løgn, utelatelser og konstruktive løsninger

Løgn eller sanning?

Geriljakrigere snubler i eget minefelt

Hvem lyver, Valderhaug?

Lyg du, Rasmussen?

Du viser då sjølv til to uttalar frå Solvik så tidleg som i april 2019 om at det kunne vere mogeleg å behalde lokalsjukehuset i Kristiansund. Altså svært kort tid etter at Bunadsgeriljaen vart stifta. Og formidla åpe i media. Og alle forstår vel at ein konsekvens av dette er at fellessjukehuset i så fall må bli eit sjukehus primært for Romsdal? Også du, Rasmussen? Banner eller ikkje banner.

Bunadsgeriljaen har ikkje ein einaste gong gått imot at Romsdal skal få nytt sjukehus. Vi har derimot uttrykt forståing og støtte for dette. Å vere i tvil om fellessjukehuset, eller endå å vere imot det, er då ikkje det same som å kjempe ein kamp for å stogge byggjinga av eit nytt sjukehus! Eit sjukehus som eventuelt ikkje blir eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal, men eit sjukehus primært for Romsdal.

Eg har ikkje hevda at du opptrer som nettroll. Eg kan ikkje hugse å ha sett deg i kommentarfelta der nettrolla lever. Din alliansepartnar Sundsbø opplyser også at du aldri svarar på desse fora. Korleis kan du då tolke mitt utsagn om nettroll slik? Dette er då akkurat eit døme på at du omskriv og tolkar mine uttalar som det passar deg! Dette er uredeleg, Rasmussen!

Men at du forgiftar tilhøvet mellom Nordmøre og Romsdal, og fyrer opp under den giftige fogderistriden, det står eg inne for. Men at eg med dette utvidar temaet for debatten er direkte latterleg. Og du held deg til temaet? Då må eg minne deg om at temaet i mitt første innlegg var dine skuldingar mot Bunadsgeriljaen sine «falske» motiv i fjor. Men du utvidar temaet til heile sjukehushistoria, som du har fortalt så mange gonger før.

Du ynskjer sjølvsagt at fogderistriden skal leggjast død, seier du. Det bidrar du ikkje til!

Kanskje kan vi ta ein kopp kaffi eller noko anna på Moldejazz ein gong når denne hersens koronaen har gitt seg? Det kunne blitt interessant.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken