Gå til sidens hovedinnhold

Kva slags samfunn vil vi ha?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Øvst på mi liste over prioriterte saker for stortingsvalet, har eg bedre finanisiering av offentleg sektor. Velferda vår, prinsippet om likskap for lova og like muligheiter for alle, kviler på eit sterkt fellesskap og fungerande offentleg sektor. Tilliten i samfunnet smuldrar opp dersom forskjellane i makt og rikdom blir store og offentlege etatar har for lite ressursar til å utføre tenesteyting og forvaltningsoppgåvene dei er pålagde.

Gradvis endring

Samfunnsendringa som fylgje av Høgre-regjeringa sin politikk har kome gradvis. Medan statsministeren gjerne er synleg i media når det er saker om velferd i positiv forstand, er den grunnleggande omlegginga i politikken lite drøfta.

Det som har vorte marknadsført som forenkling, har i stor grad handla om sentralisering, konkurranseutsetting, privatisering og generelle kutt. Dei som skal gjere arbeidet, har blitt «effektivisert» bort gjennom ostehøvelkutt i budsjetta, den såkalla ABE-reforma. Fylgjene er kompetanseflukt, svekka offentleg tenestetilbod, kontroll og beredskap.

Kjøpte tenester

Inn kjem i staden kjøpte tenester frå private tilbydarar gjerne eigd av store internasjonale konsern. Arbeidsvilkår vert sett under press, og faste offentlege stillingar vert erstatta av flyktige konsulentoppdrag. I helsesektoren er resultatet at vi har fått STENDI-rettssaka, der 22 helse- og omsorgsarbeidarar har vunne fram mot arbeidsgjevar, som utnytta arbeidstakarar på ein ulovleg måte. Det er alvorleg når alminnelige folk må ta slike kampar for å rette opp urett som staten skulle ha rydda opp i for lenge sidan.

SV-politikar og leiarr for Fagforbundet i Hordaland, Sara Bell, peikar på at kontrollen med alle dei private aktørane som har kome til i dei kommunale tenestene, er svært forsømt, og kostnadane med nødvendig kontroll er undervurderte. «Avbyråkratiseringa» og «effektiviseringa» har ført til trong for meir byråkrati og kontroll. Kontroll av arbeidstakarforhold for å unngå at useriøse selskap utkonkurrerer dei seriøse er forsømt av regjeringa.

Spare seg til fant

Å arbeide smartare og ta i bruk ny teknologi er éin ting, men generelle budsjettkutt over tid, er å spare seg til fant. Ressursmangel i stat, kommuner og fylkeskommuner gjer at vi får brannslokking i staden for forebygging og forsvarleg forvaltning.

Sparekniven i offentlege budsjett går fort på kvaliteten og velferda laus. Resultatet er at presset på dei gjenverande tilsette aukar, noko streikane i NSF og UNIO i år er eit tydelig varsku om.

Sjølv om talet på kommuner på Robek-lista har gått ned, er det ikkje nødvendigvis eit teikn på at alt er vel. Gjelda er firedobla sidan 2000, og realiteten er at i mange kommuner vert kommunepolitikarar stilt overfor umoglege val mellom stadig nye lovpålagte oppgåver dei manglar midlar for å løyse.

Vi treng ein ny politikk og ei ny raudgrøn regjering som prioriterer felleskapsløysingane høgare og stoppar utviklinga med privat profitt på offentleg velferd og utnytting i arbeidslivet.

SV vil ha eit samfunn for dei mange og ikkje for dei få.

Kommentarer til denne saken