Gå til sidens hovedinnhold

Kva seier partia om sitt miljøengasjement?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er ikkje så mange parti som seier at dei ikkje bryr seg om naturen og miljøet. Dermed er dei fleste partia sjølvsagt det beste partiet på området. Når dei har vidt forskjellige løysingar, er det sannsynleg at nokre parti har betre løysingar enn andre. Naturvernforbundet har i år spurd partia som sitt på Stortinget ut om miljøpolitikken dei vil føre framover.

Den som ønskjer å sjå ei vurdering av dei ulike partia gjort av ein organisasjon som jobbar med desse spørsmåla kvar dag, kan gå inn på Naturvernforbundet si nettside. Naturen er ein vesentleg del av livsgrunnlaget vårt. Bruk difor gjerne nokre minutt på å finne ut meir om kva som er bra for naturen.

Kommentarer til denne saken