Gå til sidens hovedinnhold

Kva no, Kjølmoen ?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kva er igjen av AP og Kjølmoen sitt ferjeløfte, fyrst var det 50% kutt, no har dette blitt til 25%, og dei skal liksom innarbeide dette over 4 år, som garantert då berre forsvinn i horisonten.

Frå før huskar vi AP og Kjølmoen som styrer fylket køyrde ferjeprisane til himmels her i fylket, ropa om sveltefora fylkeskommune, gjekk brått med 313,5 mill kr i overskot, og vart tvinga av pandemi og regjering til å setje ned prisane .

«Ferjepolitisk wonderboy» står på t-skjorta til Kjølmoen, men, kva har Kjølmoen, AP og SP gjort med ferjeprisane i praksis? Fint lite, anna enn lovnadar i hytt og pine som fyrst var 50%, så til 25% etter at Frp faktisk i lag med regjeringa sette ned prisane med 25% i heile landet frå 1. juli, og no famlar AP etter bortforklaringar.

Huskar godt for nokre veker sidan, same dagen som Frp fekk gjennomslag for å kutte ferjeprisane med 25%, så reiste Kjølmoen og co rundt med heimesnikra plakater om 50% kutt av ferjeprisane. Kvifor har ikkje AP og Kjølmoen gjort noko med ferjeprisane her i fylket på dei 20 av 24 ferjestrekningar som AP, Kjølmoen og SP styrar?

Nei, dei brukar hundrevis av millioner av kroner på svindyrt bypakker, unødvendige prosjekt og auka administrasjon på fylkeshuset, og alt dreiar seg om prioritering og manglande vilje til å prioritere ferjedrifta.

Frp og underteikna har gong etter gong fremma framlegg i fylkestinget dei to siste års om kutt i ferjeprisane her i fylket, «ferjepolitisk Wonderboy Kjølmoen har stemt imot KVAR ein einaste gong.

Frp kjempar for gratis ferjer i heile landet, og fremma framlegg om dette i Stortinget i sommar som også AP stemte imot. Ca 3 milliardar kroner ville dette kosta og den reelle kostnaden er lik null med tanke på den enorme avgifts og kostnadsbesparande effekten dette ville fått for folk flest og næringslivet.

Frp krev gratis ferjer!

Kommentarer til denne saken