Gå til sidens hovedinnhold

Kva har Møreaksen med regionen vår å gjere?

>

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Møreaksenforkjemparane som skriv på nett og i aviser, er frå Midsund, Aukra, Molde, Midsund, Aukra, Molde, og frå nokre utflytta, derifrå samt nokre som har hytte i området.

Det er lett å sjå at dette dreiar seg om lokalvegen for Midsund og Aukra til 25 milliard kr, og dei fleste forstår derfor godt den enormt store motstanden mot Møreaksen på Sunnmøre, Nordmøre og store delar av Romsdalen.

Eg er så heldig at Møreaksenforkjemparane også har «forelska» seg i meg. Bernhard Riksfjord er ivrig sympatisør og eg har fått eigen teikneserie, kjekt når folk verkeleg bryr seg om sak og ikkje person.

Når vi diskuterte E-39 og ferjefri sådan, var raskaste veg frå Stavanger til Trondheim saka - legge E-39 utanom byar og tettstadar for å kunne køyre raskaste veg gjennom fylket, fleirfeltsveg og høgare fart. Korleis denne strategien har klart å bli torpedert ved ein Møreakse som lokalveg til øyar til 25 milliard kr, ein gedigen omveg for så å køyre E-39 med haugevis av rundkøyringar tvert gjennom ein by, er meir som ei gåte.

Les også

Møreaksen eller ingenting?

Les også

Romsdalsfjorden – har du forstått oppgava?

Les også

Ja til tidenes samferdselsløft for Møre og Romsdal

Les også

Facebook, det nye demokratiet?

Les også

Møreaksen: – Du har utført nok politiske piruettar no, Sve!

Når Vestnes kommune gjer vedtak om at vegtraseen på land må vere ferdig før trafikk på Møreaksen vert sett på, protesterar Statens vegvesen høglytt. Flott, flott at Statens vegvesen så grundig dokumenterar at dei slett ikkje har tenkt å bygge ferdig på land nord og sør om Romsdalsfjorden, logisk nok når dei heller ikkje veit korleis vegane der skal gå.

Møreaksen blir nok ikkje bygd, og er pr i dag berre eit svært dårlig sysselsettingsprosjekt for planavdelinga i Statens vegvesen. Å kaste vekk så mykje offentlige midlar på prosjekt som eit stort fleirtal i heile Møre og Romsdal ikkje vil ha, er nok eit dårleg døme på at regionslojaliteten er vekk, og at to øyer skal kunne holde på slik for ein lokalveg til fleire titals milliard Kr. og, enkelte snakkar om fogderipolitikk?

E-39 skal vere vår motorveg nord/sør gjennom fylke, og ikkje gå innom kvar ei øy og kvar ein by. Derfor vil Frp skrote Møreaksen og heller prioritere Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden, dette er raskaste veg, ikkje innom kvar ei øy, og heller ikkje innom kvar ein by i fylket.

Kommentarer til denne saken