Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Etter kvart som klimapåverknad blir viktigare vaknar vi så smått til når det gjeld disponering av myr i Noreg. Myra er vel nærast vår regnskog. Det er ikkje likegyldig kva vi gjer med myra.
Myra blir til ved at torvmosar samlar CO2 frå lufta og veks. Når mosen veks i toppen blir det samtidig oppsamling av daud mose i botn. Etter kvart som åra går blir det til hard torv og langt om lenge kol. Det er ingen rask prosess, men det samlast CO2 kvart einaste år og det blir bunde godt så det ikkje slepp så lett ut igjen.
Dessutan går prosessane heilt av seg sjølv, berre vi menneske ikkje roter oss borti. Men det gjer vi jo. Det har vi gjort i meir enn hundre år. Langs kysten fekk vel alle ein torvspade før dei blei konfirmert, og det blei brent torv i mangel på ved heilt til straumen kom ut til kysten. Mange stader var det om å gjere å grøfte slik at vatnet ikkje sto så høgt og at det dermed kunne dyrkast. Etter kvart blei myra grøfta slik at ein kunne plante skog. Med større gravemaskinar blei så myra tatt i bruk som byggegrunn.
Øydelegg store lager
Når vi grøfter myra, så slepp vi luft til, og karbonet som ein gong var CO2 i lufta blir til CO2 i lufta igjen. Det er store lagre av karbon som alt har forsvunne ut av myrer som er rota med. I tillegg sluttar desse areala ofte å jobbe. Vi gjer altså ende på store lager, og øydelegg produksjonsapparatet.
I Ålesund ligg det no ei søknad om å dyrke myr. Bønder på Haramsøya har vore så uheldige at dei har måtte selje dyrka mark til Nordøyvegen. Deretter har dei seld grunn til eit vindkraftanlegg, truleg nære på friviljug. No vil dei dyrke opp meir myr som kompensasjon. Då kjem dei skadefrie ut. Det gjer ikkje naturen og klimaet. Så lenge myra ligg tjukk på fjellet, så sikrar nok myra at det er vatn i brunnane ved fjellfoten både i kuldeperiodar og tørkeperiodar.
Skulle bli myr igjen
På Ålvundeid blei det lagt tunnelmasse på ei stor og djup myr for å ta vare på steinressursane framfor å dumpe dei i fjorden. Meininga var at når steinen var brukt opp, skulle myra bli myr igjen. No er det ikkje snakk om det lenger. No vil industrien ha arealet, og temaet har blitt korleis ein kan byte ut meir av myra med steingrunn. Ein kilometer unna er det store myrareal som er snudd opp ned. Grus kjem opp og torv blir sendt ned, og på toppen blir det dyrka. Det blir påstått at ein slik dyrkingsmetode gjer at karbonet ikkje slepp ut. Vi tykkjer det ser ut som jorda søkk noko saman. I så fall er det vel eit teikn på at noko blir borte.
På Smøla måtte dei ha dispensasjon frå forbodet om dyrking av myr. Etter nokre år med dyrking av gulrot har såpass mykje av myra blitt borte at dei kjem ned på fjellet under. Den myra, det karbonet naturen har samla gjennom fleire tusen år, blir borte på nokre få år. Gulrota smakar ikkje så godt når ein veit det.
Ferjelaus E39 går ut på å velte vatnet til side så framsteget kan køyre fortare. Brei skal vegen vere og mykje myr er det i traseane. Dei som vil ha vegen peikar på kor mykje diesel som blir spara når ferjene sluttar å gå, men har inga oversikt over utsleppa frå myra som går med.
Det er på tida at vi lærer oss ein del om myra, slik at vi kan ta vare på denne viktige delen av naturen. Vi har ikkje råd til noko anna.