AP og SP og spesielt Kjølmoen skryter av gratis ferjer til øysamfunn, og kutt i ferjeprisane. Men kva er vitsen med det når ferja ikkje går?»

SP sin Kristin Sørheim sa det rimeleg treffande i RB:

Ingen ting av det regjeringspartiene lovet da de var i opposisjon, er innfridd når det gjelder samferdsel. Vi får ikke penger til å vedlikeholde fylkesvegene, og ferjedrifta er fortsatt underfinansiert. Det fører til at vi må kutte i vedlikeholdet av vegene og kutte i ferjetilbudet, sier fylkespolitiker Kristin Sørheim (Sp).

Kunne ikkje fått sagt det betre sjølv, og viser SP og AP i praksis.

Har nokon sett Kjølmoen?

Dei skyhøge drivstoffprisane og andre kostnadsdrivarar som regjeringa ikkje har løfta ein finger for, gjer at fylket må kutte brutalt i budsjettet. Dette betyr kutt i ferjetilbudet som også rammar dei sambanda som har blitt gratis.

Fylket må innan samferdsel kutte fleire hundre mill kr, og dette vil merkast i ferjefylket. Kvar er «ferjepolitisk wonderboy» blitt av, har nokon sett Kjølmoen?

Nei, sjølvsagt ikkje. AP er ikkje interessert i konsekvensen av sin eigen politikk, som faktisk fører til dårligare ferjetilbud på fylkesvegferjene i heile fylket.

Kutt kunne ha vore unngått

Frp har fremma mange framlegg på å kutte drivstoffavgifta, noko som hadde spart fylket for enorme summar. Dette hadde ført til at ferjedrifta kunne haldast på dagens nivå, og kutt i drifta kunne vore unngått.

Men neida, AP og SP stemmer dette ned, og lar transportsektoren berre forvitre.

Greinalaust er det berre å seie om heile SP og AP i regjering,

No er det vanlige folks tur til å få tømt lommeboka pga svindyr straum, drivstoff, mat og renta som fyk til himmels.