Gå til sidens hovedinnhold

– Kva er det eg blandar saman, Hustad?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Aksespørsmål til Lars Olav Hustad.

I ein kommentar til Sunnmørsposten sin leiar «Tid for å avslutte aksekrangelen og bygge Møreaksen» 17.10. i år går du hardt ut mot fleire kommentarar som er kritiske til Sunnmørsposten sin leiar. I eit svar til meg seier du at eg blandar saman fylkesveg og europaveg når eg argumenterer med at Romsdalsaksen (E39) og Langfjordsambandet (Fv64) kompletterer kvarandre, og at dette skjer ved at Romsdalsaksen skaffar bru over Fannefjorden, så det ikkje blir behov for nytt løp i Fannefjordtunnelen, noko som sparer fylket for store summar. I tillegg til at Romsdalsaksen skaffar ny effektiv veg utanom busetnaden på Skålahalvøya, og dermed eliminerer behovet for ei oppgradering av fylkesveg 64 på denne strekninga. Og i tillegg til å erstatte fergestrekninga Molde-Vestnes kan også strekninga Molde-Sekken leggjast ned, då Romsdalsaksen skaffar innbyggjarane på Sekken fastlandssamband. Kanskje kan Romsdalsaksen også redusere behovet for ei kostbar oppgradering av fylkesveg 64 Åfarnes-Åndalsnes. Kombinasjonen Langfjordbrua/Romsdalsaksen gjer også vegen raskare og tryggare, og for delar av Rauma vil vegen mot Vestnes og Ålesund bli kortare.

Kva er det eg blandar saman? Seier du at Romsdalsaksen ikkje vil ha desse gunstige verknadane på dei fylkeskommunale investeringane og på trafikkavviklinga langs nemnde strekningar? Eg ber om at du grunngir dette. Som førre ordførar for Høgre trur eg innbyggjarane i Rauma er interessert i å få vite korleis du og Høgre vurderer verknadane av Romsdalsaksen for Rauma-samfunnet. Og då nyttar det ikkje å seie: «RA bruker jeg ikke så mye tid på, da dette er et privat prosjekt som ikke har et eneste positivt vedtak i noen politisk sammenheng. MA bygges for å få et større bo- og arbeidsmarked i vår region. Det samme skal bru over Langfjorden gjøre.» Dette sa du i aviskommentaren.

Eg minner deg på at fylkestinget i fjor ba om ei utgreiing av Romsdalsaksen, og at dette vart gjort. Og ser du ikkje at Romsdalsaksen vil ha stor betydning for bu- og arbeidsmarknaden både for Rauma kommune og andre kommuner i regionen? Eg er overraska over kor lett du tar på betydninga Romsdalsaksen vil ha for trafikken mellom store delar av Nordmøre og Romsdal mot Åndalsnes og E6. Det vil få stor betydning for trafikken langs desse strekningane om Langfjordsambandet blir bygd med eller utan Romsdalsaksen. Det aller beste og rimelegaste vil vere ei samankopling av Langfjordbrua og Romsdalsaksen. Men då må Romsdalsaksen byggjast først.

Tenk for ein turistattraksjon ein rundtur langs fylkesveg 64, Langfjordbrua og Romsdalsaksen ville blitt. Med eller utan Atlanterhavsvegen. Og no når Cruise har forlate dykk, kan eg gle dykk med at Romsdalsaksen ser positivt på fleire cruise-besøk. Dette vil Romsdalsaksen leggje til rette for, anten vegen utelukkande går på overflata eller dukkar ned frå Sekken og forbi Veøya. Så Romsdalsaksen vil spele på lag med Rauma kommune i turismebyggjinga.

Kommentarer til denne saken