Gå til sidens hovedinnhold

Kva endrar seg?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Norge i 2021 er ikkje det samme som i 1970! Samfunnet er i stadig endring og skal i for seg vere det. Spørsmålet blir derfor i så fall om utviklinga går i rett retning?

Svaret er nok litt sammansett. Sider ved utviklinga er god og andre sider er i feil retning. Tar du for deg velferdssamfunnet vårt, så er det langt framme og vi i Norge tar stort sett vare på alle, i det store og heile.

Spørsmålet blir jo heller om utviklinga vi har hatt i etterkrigstida er berekraftig på sikt under to perspektiv. Vi har eit folk som blir stadig eldre og vi er inne i avslutningsperioden for oljealderen med reduserte intekter framover.

Vi har eit offentleg forbruk so ligg skyhøgt samanlikna med nasjonar det er naturleg å samanlikne seg med. Det er rimeleg openbart for den som vil sjå, at dette er ikkje berekraftig framover. Offentleg sektor må ned på eit lågare nivå og du må som individ ta litt større ansvar for eige liv.

Demokratiet vårt er bygd på at fleirtalet må vise respekt for meiningsmotstandarane. Åge Hareide vågde å seie at ein ikkje bør blande politiske markeringar inn i idretten, og for det krev altså Raja ein unnskyldning. Betyr det at Pride ikkje lenger oppfattast som eit politisk standpunkt, men ein ny religion som skal vernast av eit nytt presteskap mot blasfemiske ytringar? Eller er det Raja som avslører av vi er på veg inn i eit totalitært landskap?

Vi her i vesten er så sjølvgode at utanforståande reagerar på korleis vi opptrer! I austeuropeiske land har homofile samme rettar som andre, ikkje meir og ikkje mindre. Du finn heller ikkje statleg promotering av homo-erotikk overfor barn og unge. Nokre av desse landa har rett nok forbod for likekjønna par å adobtere barn, men det var faktisk det vanlege i svært mange land tidlegare. Barn skulle helst ha både mor og far, men no er det etter norsk målestokk feil krav.

Desse landa blir i norske media omtalt som høgre-ekstreme og reaksjonere, fordi dei opptrer som Norge burde opptre.

Norge har i dag statleg homoaktivisme og utøver det så ofte dei kan. PDK vil ha ei anna utvikling og ber derfor om støtte frå veljarane til det i haust.

Kommentarer til denne saken