På plakaten stod opprinneleg «Havets Sølv - Kystens Gull» med bokaktuelle Per Helge Pedersen. Men sjukdomsforfall gjer at hans program om storsilda og fiskebyen Kristiansund må koma seinare i sommar.

I staden steppar Bernt Bøe inn med biletkåseri om kyrkjemålaren Ole Joensen Kolset (1722- 1789). Jubileet for ein stor kunstnar, truleg fødd i Bøfjorden for 300 år sia, blir dermed framskunda nokre veker.

Kolset har etterlate seg mykje kyrkjekunst både på Nordmøre (Halsa, Bremsnes, Frei og kanskje Mo) og på Helgeland (Mosjøen, Alstahaug, Rørstad og Grane).

Han etablerte seg etter kvart i Kristiansund. Søndagens kåseri trekkjer fram ei ukjend, men frodig livshistorie – også med innslag av dramatikk. Og lerretet viser mange av Kolset sine fargerike kunstverk frå dei nemnte kyrkjene.

Museet er ope heile ettermiddagen med kaffebord, lodd- og kiosksalg.