Kunnskap om kulturlivet

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Høgre og Falk Daniel Øveraas meiner at det er umusikalsk med kunnskap om kultur og for så vidt også folkehelse, og seier at det å bruke kunnskapsmiljø utanfor fylket for å identifisere verdien av kultur er å kaste kulturpengar ut vindauget. Desse pengane kan ein bruke betre til kulturtiltak og næringsliv. Til orientering så har Høgre vore med på å gjere vedtak om den fyrste ringverknadsanalysen i økonomiplanen for 2018 og den andre analysen i kultur- og folkehelseutvalet i 2019.

Sjølv så meiner eg at kunnskap om kultur og korleis fylkeskommunen faktisk brukar pengane til det beste for fellesskapet er viktig for å nå ut til fleire av innbyggarane våre med midlane i åra framover. Analysane er viktig i arbeidet med publikumstiltak og fungere som ei nullpunktsanalyse, som igjen vil gjere det mogleg å gjere midlane fylkeskommunen forvaltar meir målretta.

Manglande visjonar for det regionale kulturlivet

Øveraas skriv mellom anna fylkeskommunen kastar «penger etter konsulenter for å få vite ting vi allerede vet» og ja, mange av oss veit frå før at kulturen har ein verdi i tillegg til å vere viktig for individet, for fellesskapet og for lokalsamfunna, men i den store kampen om midlar, så har kulturen «tapt» gong på gong om viktige midlar til formidling, drift og utvikling fordi me ikkje har hatt denne kunnskapen dokumentert. No er den det.

Det er ei kjennsgjerning at det er mykje enklare å talfeste tapet eit lokalsamfunn får dersom me som fylkeskommune tar bort ein ferjeavgang enn det er om me ikkje gjev pengestøtte til festivalar. No har me denne kunnskapen, og sjølv om mange av oss visste dette frå før, så er det slik dokumentert kunnskap som gjer at kulturen som heilskap i tida framover kan utvikle seg til å nå ut til enno fleire i fylket.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags