Gå til sidens hovedinnhold

Kulturhausten: Tett mellom høgdepunkta

Det er tett mellom høgdepunkta på Surnadal kulturhus i haust. Svært tett!

Det er to kjære skuespelarar som sparkar det heile i gang med «Skumringstimen». Teatret Vårt har fått med seg Astrid Overaa og Peter Drabløs for å skildre eit varmt vennskap mellom to gamle naboar som trur dei har snakka om alt. Men det har dei ikkje …

«Stillferdig og ettertenksomt om levd liv», skreiv Sunnmørsposten, og – merk – denne gongen prøvar kulturhuset noko nytt med å sette opp teater så tidleg som kl. 14 på ettermiddagen, slik at enno fleire forhåpentleg finn vegen dit torsdag 16. september.

Hoem x 2

Torsdagen etter, 23. september, skal Ine Hoem og Edvard Hoem ta for seg «Alt som er kjært». Det er også namnet på plata Ine Hoem kjem ut med i haust, med melodiar av ho og nye og gamle tekstar av far Edvard. Ine Hoem kjem med bandet sitt, medan innslaga frå Edvard er mest verbale. Han vil lese frå «Felemakaren» og andre av sine siste bøker. Og samspelet mellom far og dotter er ei oppleving, der humor, alvor, musikk og tekst blir vove saman på ein mesterleg måte.

Merk deg også at det er tre andre tilbod i same veke; På Alzheimer-dagen, tysdag 21. september, blir sterke «The Father» vist på kino. Dagen etter arrangerer Senioruniversitetet kåseri og foredrag med den pensjonerte legen Audun Aas om «smertemysteriet». Og i Finstuå er det utstilling med Jeremy Welsh.

Oktober

Lars Jarle & The Big Mamas inviterer til «Jørgen-kveld» søndag 3. oktober. Og med «Jørgen» siktar dei sjølvsagt til Jørgen Gravvold. «Jørgen-kvelden» var opphaveleg sett opp som ei slags 90-års-markering på «andre sida av marka» sist år, og no får også resten av kommunen bli med på den humørfylte hyllinga av skribenten og diktaren Jørgen Gravvold.

Og meir humor blir det veka etter, når stand-up-komikar Terje Sporsem kjem med «Absolute norsk – eit show om verdas aller, aller beste land».

Biblioteket vil, i samarbeid med Litteraturhuset og folkeakademiet, også ha to forfattarbesøk i oktober. Populære Nina Lykke kjem tysdag 19. oktober, og dagen etter vil TV2s mest profilerte gravejournalist Kadafi Zaman fortelje om sin bakgrunn og virke som journalist.

Seinare i månaden er Bjørn Eidsvåg, med band, på vegen og har lagt ruta innom kulturhuset.

November

SKUV (Surnadal Konseptutvikling) har allereie selt så mange billettar til sine to «Viva la vida»-konsertar at dei har sett opp ein tredje med herleg Coldplay-musikk.

Seinare i månaden vil Surnadal BU og Svarrabærje kome med «heittgjorte» revy- og teaterminne frå 1965 og fram til i dag.

Elles kjem Teatret Vårt med «Den uendelige historien». Og månaden blir avslutta med ein «julerose-kveld» med Herborg Kråkevik, Linda Eide, Vigids Hjorth, Kristiansund Symfoniorkester med fleire.

Biblioteket vil ha eit ny forfattarmøte i november, og det blir arbeidd med fleire andre arrangement. Elles vil det sjølvsagt også bli kunstutstillingar i Finstuå.

Desember

Så langt er Eva Weel Skram klar med julekonserten «Falle til ro». Og i Stangvik-kyrkja vil det bli meir «Julefryd» med Nidarosdomens Jentekor, Gjermund Larsen og Trondheimsolistene.

Og apropos dei sistnemnde: dei er også i same kyrkja og held konsert med «Åge og Gunnar» først på november.

Kommentarer til denne saken