Snart er det klart for UKM

VAR MED: Denne dansegjengen var på UKM i 2016: Mira Husby Bævre, Ida Knutsen Todal, Ine Fiske, Else Vaseng Kvammen, Mathilde Vikan, Ida Ranes (bak til venstre), Solveig Mikkelsen, Gunn Mari Våbenø, Kristin Bøklep og Leah S. Wilhelmsen.

Meld deg på no!

DEL

Det er oppfordringa frå UKM-arrangørane på indre Nordmøre, der det er samarbeid mellom Halsa, Rindal og Surnadal.

- Fristen for dei som vil vere med å arrangere er seinast torsdag 4. januar, medan dei som vil stille ut eller opptre må melde seg før måndag 22. januar, skriv arrangørane i ei pressemelding.

UKM («Ung Kultur Møtes») er ein møteplass for ungdom og kultur, der aktørane skal skape noko saman. Her kan du vise fram kva du brenn for, eller hjelpe andre til å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er snakk om song, skriving, fotokunst, cosplay (utkledningsleik) eller moderne dans.

- Gå inn på ukm.no meld deg på til mønstringa 3. februar, ser oppfordringa.

Artikkeltags