Brazz Brothers og Elg i solnedgang på Vårsøghelga

Det ligg an til ein grand finale når konserten i Surnadal Billag avsluttast med Elg, Brazz brothers og bandet i  forrykande fellesnummer.

Det ligg an til ein grand finale når konserten i Surnadal Billag avsluttast med Elg, Brazz brothers og bandet i forrykande fellesnummer. Foto:

Vårsøghelga inviterer til ein kveld der fogderistrid blir gløymt og nord- og sunnmøringar står saman om ein heidundrande konsert på Surnadal Billag.

DEL

Det melder Laget Vårsøg i ei pressemelding.

Fredagskvelden 24 . mai i Vårsøghelga kan festivalen nemleg by på Øivind Elgenes, kristiansundaren som i fjor vann TV2s «Århundrets stemme», og sjølvaste Brazz Brothers, Sunnmøres musikalske verdsmusikarar, i ein todelt konsert der god musikk og stemning er fokuset!

- Elg kjenner vi kanskje aller best som sjølve stemmen i Dance With A Stranger, men som soloartist gjennom 40 år har han óg vorte ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar, skriv Gerd Ingrid Kvendset i pressemeldinga.

Øivind «Elg» Elgenes kjem til Vårsøghelga i slutten av mai.

Øivind «Elg» Elgenes kjem til Vårsøghelga i slutten av mai. Foto:

Elg fylte i fjor 60 år, og det vart markert med både nytt album og konsertturne med fulle hus rundt om i landet. Albumet «Ei merkelig tid» er med norske tekstar, noko som publikum har etterspurt etter at han slapp «STORM» i 2010. Fleire av låtane på dette albumet er framleis fast følgje på konsertane. Uansett setting, om det er med fullt band, duo eller solo, blir publikum rørt av Elgs heilt eigne måte å formidle på, noko han fekk bevist til fulle i si fantastiske tolking av deLillo-låta «Hjernen er alene» i på programmet «Hver gang vi møtes».

I Vårsøghelga blir Elg backa opp av eit skarpskodd band, samansett for kvelden av ein kompetent gjeng musikarar frå indre Nordmøre: Øyvind Glåmen, Brage K. Einum, Sondre Skogseth og Olav Nergaard Tørset.

Brazz Brothers treng slett ikkje noko ytterlegare backing.

- Bandet, med brødrepara Førde og Tafjord frå Sula i spissen, står fjellstøtt i det grenselause, vidope og uendeleg store og rike musikalske landskapet dei vil vise Vårsøghelgas publikum på Billaget. Dei er kjende for å gå sin eigne vegar i ein uslukkeleg tørst etter nye groovar og uhøyrde klangfargar, og i løpet av sine imponerande 33 år på reise har dei heldt over 3500 konsertar i 36 land og gitt ut 20 plater, skriver Kvendset.

Ho meiner det ligg an til ein grand finale når konserten avsluttast med Elg, Brazz brothers og bandet i forrykande fellesnummer.

- Som ein del av markeringa av at det er den 25. Vårsøghelga vil det bli lett kveldsmat på billetten. Billaget har begrensa kapasitet og det er lurt å vera tidleg ute med å skaffe seg billett. Vi spår rift om plassane, seier Kvendset.

Artikkeltags