Tittelen er «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda». Boka er den første av i alt tre bind som er planlagt utgjeve under denne tittelen. Etter planen skal neste bok kome våren 2019 og den siste til jul i 2019.

Trioen fekk den gjeve Kleivaprisen i 2016, etter fleire bokutgjevingar.

No inviterer dei tre til bokslepp på Stangvik skule i Surnadal onsdag 5. desember den nyaste boka blir presentert. Her blir det informasjon om bokprosjektet, smakebitar frå innhaldet, enkel servering og høve til å kjøpe signerte bøker. Utgjevar er Stangvik Historielag, som også presenterer sitt ferske årsskrift under boksleppet.