Sesongopning for sjøbruksmuseet

Frå Torvik-samlingane: Hamnes-båten til gravferd i Stangvik.

Frå Torvik-samlingane: Hamnes-båten til gravferd i Stangvik.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar sommarsesongen søndag.

Dagens tema er «Smakebitar frå biletsamlinga til bygdafotografen Olav Torvik». Eigar av samlinga, grandnevøen Christen Settemsdal, presenterer kjente og ukjente bilete.

Olav Torvik var ein aktiv og dyktig fotograf som dokumenterte mykje av samfunnslivet på Nordmøre i første del av 1900-talet. Programmet gir gjensyn med MRF-rutebåtane, verksemder og arbeid i bygdene, trafikk, folkeliv og grendesamfunn i endring.

Artikkeltags