Mauset fekk målpris

PRISET: Karstein Mauset er tildelt målprisen for Surnadal Heimbygdlag.

PRISET: Karstein Mauset er tildelt målprisen for Surnadal Heimbygdlag.

Karstein Mauset fekk torsdag målprisen til Surnadal Heimbygdlag.

DEL

- Stolt, glad og takknemmelg, oppsummerer prisvinnaren på Facebook etter at han torsdag kveld fekk målprisen som Surnadal Heimbygdlag deler ut.

Grunngjevinga er som følgjer:

- Styret i Surnadal Heimbygdlag har vedtatt å gi Målprisen 2019 til ein person som høyrer heime her på Indre Nordmøre og i det språklege og kulturelle grenselandet mellom Nordmøre og Trøndelag. Han er ein allsidig og dyktig handverkar, men først og fremst har vi alle møtt han som ein positiv, flink og velvillig musikar og kulturarbeidar. Frå tidlege ungdomsår har han sett melodi til dikt av Astrid Krog Halse, Jørgen Gravvold og Hans Hyldbakk, og med plater og framføringar vore med og styrkt interessa for desse diktarane. Han har alltid vore lett å be om å bidra på ulike kulturtiltak i kommunen, også som tillitsvald og bakmann. Og han har eit vake auge for yngre talent, som han gjerne trekker med seg og samarbeider med. Styret i Surnadal Heimbygdlag meiner at Karstein Mauset er ein verdig vinnar av Målprisen 2019.

Tildelinga skjedde i samband med lansering av boka Ei haustferd på Nordmøre.

Artikkeltags