Tonekunstnar i eit fargerikt landskap

Av

Susanne Lundeng er ein tonekunstnar med sterkt personleg grep om både felebuen og notepennen. Konserten med henne og Festivalkvartetten i den gamle verkstedhallen på Surnadal Billag måndag vart ei reise i fargerikt tonelandskap.