Svein Sæter på museet: Fortel om Kongen av Spitsbergen

Svein Sæter presenterer boka og historia om «Kongen av Spitsbergen» som Dagens Tema søndag.

Svein Sæter presenterer boka og historia om «Kongen av Spitsbergen» som Dagens Tema søndag. Foto:

Av

Forfattaren Svein Sæter er søndagens gjest på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Han har med mykje av sin bokproduksjon og kåserer denne gong om «Kongen av Spitsbergen».

DEL

Gruvedirektør Einar Sverdrup spela ei sentral rolle i frigjeringa av Svalbard under krigen – ei bragd som kosta han livet. Svein Sæter fortel den dramatiske og ukjente historia om «Kongen av Spitsbergen» på Bøfjorden sjøbruksmuseum.

Kåseriet byggjer på boka med same tittel, og begge har fått sterke kritikkar. Undervegs viser Sæter unike foto og filmklipp. - Dette er ei historie både om Svalbard, om gruvedrift i Arktis og om den andre verdskrigen. Her finst lysande bragder og dystre tragediar som er oppsiktsvekkande lite kjent, seier Svein Sæter.

Einar Sverdrup var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Longyearbyen og gruvene der var livsverket hans. - Før krigen revolusjonerte han gruvedrifta og redusert talet på ulykker sterkt. Under krigen måtte han, skummande av raseri, sjå at Spitsbergen vart tvangsevakuert av britane. Han ville bli igjen og kjempe. I London overtala han kong Haakon VII og statsminister Johan Nygaardsvold til å støtte planen om ein militær operasjon mot dei tyske okkupantane på Svalbard, fortel forfattaren.

«Operasjon Fritham» kasta Nazi-Tyskland ut av Spitsbergen. Einar Sverdrup var mellom dei 15 som fall i kampane.

Gjennom grundig studium av dokument og dagbøker har Svein Sæter fått innblikk i denne viktige delen av krigshistoria. Søndag deler han den med publikum på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Artikkeltags