Vil du være med disse og synge?

INVITERER: Koret «Prosjekt 17» er vertskap og hovudaktør på songkvelden i Todalen onsdag. Nora Bøe (frå venstre), Øystein Moe, Borghild Talgø, Liv Marit Polden, Einar Husby, Ann-Magret Botten, Inger Garthe, Kari Sæther, John Moe, Kirsten Baadnæs Bøe, Per Arne Hyldbakk og Randi Vetleseter Bøe.

Onsdag inviterer Koret Prosjekt 17 til ei kveldsstund med kor, trekkspel, allsong og kaffe i Todalen ungdomshus.

DEL

- Song er både triveleg og sunt, seier arrangørane og støttar seg på både erfaringar og vitenskapelege undersøkelsar som beviser dette.

Allsongen denne kvelden består av nytt og gammalt, kjent og kjært – både viser og slagerar. Også koret har slagerstoff på programmet, mellom anna frå CD’en «Melodiminne», som dei har gjeve ut.

Dessutan framfører dei friske utdrag frå den lokale fjordakabareten «Med segl og Wichmann».

Tonefølgje til songane gir Peder Hønsvik på trekkspel – og kanskje serverer han småhistorier, litt tango og solomusikk også.

I kaffepausen er det utlodning.

Artikkeltags