Vårsongfest igjen - for no vil «alle» høyre opera ...

TriOpera er både muntre og seriøse. Frå venstre Maria Moen Nohr (mezzosopran), Hedda Hansen Berg (klaver) og Sigrid Vetleseter Bøe (sopran).

TriOpera er både muntre og seriøse. Frå venstre Maria Moen Nohr (mezzosopran), Hedda Hansen Berg (klaver) og Sigrid Vetleseter Bøe (sopran).

TriOpera har makta å vekkje song- og operainteressen på indre Nordmøre. Søndag er dei på plass igjen til ein ny Vårsongfest.

DEL

Vårsongfest i Bøfjorden har vorte ein tradisjon. For når det «livnar i lundar og lauvast i li», inviterer kor og operaartister til ny songfest.

– Søndag opnar grendahuset dørene til kvitrande vårtonar, allsong og sjøsalt kabaret, seier Bernt G. Bøe hos arrangøren.

I TriOpera finn vi Sigrid Vetlester Bøe, Maria Moen Nohr og Hedda Hansen Berg. Dei har makta å vekkje interesse for musikk som tidlegare vart skrudd av på radioen.

Damene bur på kvar sin kant. Sigrid Vetleseter Bøe held til i Berlin. Maria Moen Nohr er tilsett i Trondheim Vokalensemble og begynte nyleg som assisterande dirigent i Nidarosdomens Guttekor. Hedda Hansen Berg bur på Kvanne og pendlar til jobb som klaverpedagog i Kristiansund. Ho er ein dreven og etterspurt akkompagnatør.

Gratis inngang

Frå arrangørkoret Prosjekt 17 får vi tradisjonell korsong, slagertradisjon og kortreist kabaretunderhaldning. Søndag serverer dei slagerstoff og evergreens frå sin eigen CD «Melodiminne» og utdrag frå Bernt G. Bøe sin fjordamusikal «Med segl og Wichmann».

– Vårsongfesten kombinerer kunstnarlege ambisjonar og sosial trivselsprofil. Mellom operakunst av både munter og høgtflygande karakter kan publikum nyte bygdekvinnelagets kaffe og kaker ved borda. Og sjeldan er det vel gratis inngang til profesjonelle operaprogram som dette? På Bøfjorden Grendahus bestemmer du sjøl billettprisen – ved å kjøpe lodd til drift av det lokale musikklivet, skriv Bernt G. Bøe i ei melding.

Verbal og musikalsk humor

Lars Eggen er ein framifrå baryton som fleire gong har vert å høyre på operascena i Kristiansund. Han er nyleg tilsett som sjef for Opera Trøndelag. Når han no kjem til  Vårsongfesten i Bøfjorden, er konserten sikra både verbal og musikalsk humor.

– Like viktig som nytelsen av opera, korsong, fjordakabaret og kaffebordets gleder er allsongen, sjølve urkrafta i alle års vårsongfester. Folk rundt borda er medaktørar like mykje som dei er publikum, skriv Bernt G. Bøe.

Artikkeltags