Todalstone-messe i Øye kyrkje

Koret P17 saman med Torgeir Leivdal (med fela) og Oddveig Helset Halle (til høgre) under ein prøve til konserten.

Koret P17 saman med Torgeir Leivdal (med fela) og Oddveig Helset Halle (til høgre) under ein prøve til konserten. Foto:

Koret Prosjekt 17, felespelaren Torgeir Leivdal og kantor Oddveig Helset Halle er hovudaktørar på Tonekvelden i Øye kyrkje onsdag.

DEL

Programmet byr på klassisk kyrkjemusikk, allsong med kor og forsamling, felemusikk og ikkje minst ei messe med lokalt særpreg.

Det skriv arrangøren i ei pressemelding.

I høve 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011 sette Bernt Bøe saman folkemusikk frå Todalen med sjølkomponerte korsatsar til dei kyrkjelege messeledda.

- I denne «Folketonemessa» hører vi salmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby (til satsane Kyrie, Credo og Agnus Dei) og danseslåttar etter Hallvard Ørsal (Gloria, Sanctus og Amen). Folkemusikken er henta frå Edvard Bræins samlingar, seier Bøe.

Besetninga er kor (Prosjekt 17 leia av Bernt Bøe), fele (Torgeir Leivdal) og piano (Oddveig H. Halle). Sokneprest Vidar Rygh flettar inn liturgiske tekster. Leivdal har også ei avdeling med «lydarslåttar».

Allsongen med kor og forsamling spenner frå kjende salmar til tangorytmer. Elles er komponistar som Bach, Handel, Beethoven, Wennerberg og Schubert med i programmet.

Artikkeltags