«Sæle jolekveld» i kulturhuset

ONSDAG KVELD: Artistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata «Sæle jolekveld», og fekk svært gode kritikkar. Onsdag står dei på scena i Surnadal kulturhus.

ONSDAG KVELD: Artistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata «Sæle jolekveld», og fekk svært gode kritikkar. Onsdag står dei på scena i Surnadal kulturhus. Foto:

Sundli og Nordtoga i Surnadal kulturhus onsdag kveld.

DEL

Artistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata «Sæle jolekveld», og fekk svært gode kritikkar.

Aftenposten var av dei som var begeistra: «Denne juleplaten vil leve og glede hele året – så flott og sterk er den!»

- Difor er det grunn til å gle seg når dei kjem til Surnadal kulturhus onsdag 29. november, skriv kulturhuset i ei pressemelding om konserten.

VG melder at dei frydar seg over den perfekte samklangen mellom Gunnhild Sundli sin klokkeklare stemme og Aasmund Nordstogas barske og mandige.

Dei to har sett saman ein julekonsert med folkemusikkens drivende nerve i seg, og byr på kjende og mindre kjende julesongar: framført leikande, vakkert og fredfullt, og med det intime samspelet mellom tekst og melodi i sentrum.

- Begge artistane har røter i folkemusikken, og med seg har dei nokre av fremste musikarane i den sjangeren. Saman vil dei skape ein julekonsert i særklasse, konkluderer kulturhusets pressemelding.

Artikkeltags