Meir musikalsk fyrverkeri frå TrondheimSolistene

KJEM: Trondheimsolistane kjem som vanleg til Surnadal kulturhus med Nyttårskonsert. Årets konsert skjer fredag 10. januar.

KJEM: Trondheimsolistane kjem som vanleg til Surnadal kulturhus med Nyttårskonsert. Årets konsert skjer fredag 10. januar.

TrondheimSolistene feirer starten på nytt år med Nyttårskonserten fredag 10. januar i Surnadal kulturhus.

DEL

TrondheimSolistene er eit profesjonelt ensemble av musikarar, etablert i 1988 og med eit musikalsk vidsyn få, om nokon, kammerorkester kan matche. Dei er store internasjonalt, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet.

Det skriv kulturhuset i ei pressemelding.

Spontaniteten gjer det litt vanskeleg å spå kva som skjer når dei kjem først på nyåret. Dei stiller med cellist Trey Lee, som vart møtt med ståande ovasjonar etter debutkonserten sin i Carnegie Hall; «The excellent cellist», skreiv New York Times og skrytte av kor rikt og lyrisk Trey Lee spelte.

Den andre gjestemusikaren, Nils-Olav Johansen, har ikkje riktig så lang arbeidsveg, i og med at han er tilsett som professor ved Institutt for musikk ved NTNU. Som utøvande musikar er han kjent frå grupper som Farmers Market, Storytellers, Big Bambus og Transjoik.

Artikkeltags