Folketonekonsert med nordmørsslåttar

Tradisjon: Nordmøre Spelemannslag i Todalen søndag.

Tradisjon: Nordmøre Spelemannslag i Todalen søndag.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det blir tonar både frå Todalen og andre stadar på Nordmøre når Nordmøre Spelmannslag held konsert i Todalen Ungdomshus søndag.

Nordmøre Spelmannslag består av rundt 15 musikantar frå dei fleste nordmørskommunane, og er slikt eit unikt regionprosjekt, heilt fritt for grensedebattar og geografiske spissfindigheiter. Her er det musikken som står i sentrum, og laget, under musikalsk leiar Hilde Bergfald, har vorte eit rutinert og godt samspelt lag.

Av repertoaret kan vi nemne slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif Halse og fleire andre, som ikkje alltid er like lett å identifisere.

Tradisjonsmusikk er ofte gamle slåttar/melodiar utan kjend komponist, men så er det vel nettopp tradisjonen Nordmøre Spelmannslag tek vare på. Laget er det einaste i sitt slag på Nordmøre, og her har publikum ei unik muligheit til å høyre tradisjonsmusikk genuint.

Artikkeltags