Tull og ball avsluttar museumssesongen

Johan Øiestad er ein av aktørane på sesongavslutningen på sjøbruksmuseet i Bøfjorden søndag.

Johan Øiestad er ein av aktørane på sesongavslutningen på sjøbruksmuseet i Bøfjorden søndag.

Av

Med sildballmiddag, fotballprat og ikkje lite tullball avsluttar Bøfjorden Sjøbruksmuseum sesongen komande søndag. Kjøkenet serverer ekte fjordamat. Dagny og Johan Øiestad trimmar lattermusklane.

DEL

Blant dagens høgdepunkt er trekninga av sommarens utlodning. Historielaget uttrykkjer stor takk til alle som har skaffa gevinstar og dei enda fleire som har støtta museet med loddkjøp sommaren igjennom. Kunstverk, husflid, husgeråd, musikk og litteratur får altså nye eigarar denne søndagen.

Det landskjente entertainerparet Dagny Marie og Johan Øiestad vil underhalde. Med parodiar og musikkprogram har dei fryda heile det norske folk via bøker, revy og på TV. På sjøbruksmuseet viser dei glimt av Grevinnen og hovmesteren, ManU-manager Solskjær (på heimebane så å seie), Ole Paus, Ari Behn og kong Harald. Pollakaran stikk innom, og artistane imiterer Nils Arne Eggen, Åge Hareide og endatil Dolly Parton – i full mundur! Øiestads lovar fotballhistorie og festivitas i skjønn forening.

Ein utvida kjøkenstab serverer god, nordmørsk sildball, kaffe og tilbehør.

- Til balldagen ventar vi av erfaring stort frammøte, seier Bøfjorden Historielag og bed difor publikum om hjelp til å løyse eit luksusproblem:

- Parker bilen så rasjonelt som muleg ved museet, slik at alle får plass!

Artikkeltags