Står på for bygda si

Nonnon Heggem (frå v.), Tore Sannes og Mayse Dønheim Hovde -  tre av mange som står på for bygda si.

Nonnon Heggem (frå v.), Tore Sannes og Mayse Dønheim Hovde -  tre av mange som står på for bygda si.

DEL

Innsendt bidrag: Bernt G. Bøe

Bøfjorden Historielag inviterte søndag til profilering av bygda. Presentasjon av innpå 30 gode tiltak var tema på sjøbruksmuseet

Eksisterande aktivitet og spennande visjonar kom fram på lerretet og i verbale innslag. Coop-styrar og Buakokke Mayse Dønheim Hovde, hytteplanleggar og kyrkjebåthøvedsmann Tore Sannes og bonde og mikrokraftutbyggjar Nonnon Heggem målbar gode idear.

Blant poengterte tiltak var nyetablerte Lerkebakken Klippekafe, Heggemselva Mikrokraftverk, den kreative barnegruppa «Amigos», Bøfjorden Småbåtlag – no med nyflytta Staknes Fyrlykt som lysande kulturminne på moloen, loppemarkedet «Gammelskulen Skrot og Gjenbruk», største arbeidsplassen i bygda - Bøfjorden Sag og Bøfjorden Utvikling, som satsar på hytter og aktiviteter på Elvanesset.

Stor kreativitet

Historielaget har godt besøk og stor kreativitet. Hjelmen Skytterlag og Bøfjord Idrettslag driv ei rekkje tilbod. Unikt er idretts- og historielagets samarbeidsprosjekt «Turar i Bøfjorden» - der naturoppleving og kulturhistorie pregar 26 merka løyper i variert terreng.

Bøfjordhelger og den årlege Fjorddagen viser bygda sitt særpreg på ulike plan. Driftige bønder og moderne fellesfjøs pregar landbruket.

Kulturaktivitet

Åsskard-kyrkja og dei to grendahusa har fordig kulturaktivitet. Gjesteartistar konserterer i regi av Leikarvollen Scene. Koret Prosjekt 17 står for både kyrkjekonsertar og årleg Vårsongfest,da folk går mann av huse bl.a for å oppleva operaperler med gjesteartistar og bygda sin eigen solist Sigrid Bøe.

I tillegg kjem Røsslyngen 4H, alltid kreative Åsskard Bygdekvinnelag, eit par lastebilfirma, juletrefarmen i Settemsdalen, hyttebygda Steinholmlia, lokale biletkunstnarar, mykje spennande historie, flotte fjell, ein fiskerik fjord og mykje ein ikkje rakk å nemne i løpet av søndagens tematime på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Artikkeltags