Olsok-konsert i stor kulturhelg

HEIME: Erik Rosenius og Sigrid Vetleseter Bøe er heime frå Berlin for å feire musikalsk olsok i Åsskard.

HEIME: Erik Rosenius og Sigrid Vetleseter Bøe er heime frå Berlin for å feire musikalsk olsok i Åsskard.

Av

Operasongarane Erik Rosenius og Sigrid Vetleseter Bøe og pianisten Hedda Hansen Berg er hovudaktørar når Åsskard kyrkje inviterer til konsert søndag kveld.

DEL

Gregorianske tonar og Bach-musikk rammar inn programmet. Ei gruppe frå arrangørkoret Prosjekt 17 markerer olsok med song frå Sankt Olav si tid. Og sidan 28. juli også er minnedag for Bach, syng koret satsar av salig Johann Sebastian - både muntre og andektige.

Dei to operasolistane har eit stort og variert program som omfattar Verdi, Wagner, Dvorak, Handel og Franck så vel som Marcus Paus og Olle Adophson. Blant titlane finn vi «Herren är min herde», «Dich, teure Halle», «Nu är det gott att leva» og «Panis Angelicus».

Ola Bræin lagar «Dåm av folketone» med sitt velklingande munnspel. Hedda Hansen Berg er kveldens akkomapgnatør.

Under kaffestunda etter konserten presenterer Dordi Glærum Skuggevik si nye bok «Haustferd i Europa – Olav den Helliges 1000 år». Boka blir også å få kjøpt denne kvelden.

PROGRAM: Kirsten Baadnæs Bøe (frå venstre), Bernt Bøe og May-Elisabeth Holten frå arrangørkoret Prosjekt 17 lovar Verdi, St. Olav, Bach, Wagner og meir til under Olavsvaka.

PROGRAM: Kirsten Baadnæs Bøe (frå venstre), Bernt Bøe og May-Elisabeth Holten frå arrangørkoret Prosjekt 17 lovar Verdi, St. Olav, Bach, Wagner og meir til under Olavsvaka.

Olsokkonserten i Åsskard er del av ei større kulturhelg. Elvanesset-dagane i Bøfjorden fredag og laurdag byr på bryggekonsert og sjøliv. Det blir i tillegg pop-up-restaurant på Elvanesset frå fredag til søndag. Det er Buakokkå May Iren Dønheim Hovde med mange gode hjalparar som står for kokkelering og servering.

Laurdag er det også open kyrkjekonsert i Stangvik. Søndag står humor på Bøfjorden Sjøbruksmuseum sin plakat. Og finalen på helga er altså sommarkonserten med undertittel «Olavsvaka» i Åsskard.

Artikkeltags