Museumssesongen er i gang

Ny tilvekst: Modell «Arthur» - med spennande historie. Frå venstre Lars Gudmund Røen, Jon Storløkken, Gunnar Strand og museets Gunnvald Bøe.

Ny tilvekst: Modell «Arthur» - med spennande historie. Frå venstre Lars Gudmund Røen, Jon Storløkken, Gunnar Strand og museets Gunnvald Bøe. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Bøfjorden Sjøbruksmuseum starta sesongen sist helg. Søndag er det ny samling – med oppfølging av fredagens bokslepp.

DEL

På opningsdagen kåserte Einar Oterholm om Halsa vidaregåande skule – ei historie som no blir bok.

Samlinga på museet veks stadig. Denne søndagen kunne Jon Storløkken og Gunnar Strand overrekke til Gunnvald Bøe ein flott modell av Shetlands-skuta «Arthur», som dei saman har rekonstruert. Lars Gudmund Røen supplerte med grundig kunnskap om «Arthur» og Nordsjø-trafikken under okkupasjonen, delvis lokalisert til Tustna og Straumsneset.

Lokal kyrkjebok

Komande søndag følgjer Bernt G. Bøe opp lanseringa av si nye bok «Kyrkja i Åsskard – med historikk frå Stor-Stangvikgjeldet».

Boksleppet skjer under Jonsvaka i Åsskard kyrkje fredag kveld. På museet viser forfattaren andre sider av kyrkjelivet og historia – også her i biletkåseri.

I framhald frå Jonsvaka skildrar han på museet dramatiske kyrkjereiser til sjøs, historia bak soldatbautaen, presteprofilar, pussige anekdoter og ikkje minst biletstoff frå aktiviteter i nyare tid – der både barn og vaksne vil sjå seg sjøl på lerretet.

Stoffet i boka og kåseriet omfattar noverande Halsa, Surnadal, Rindal, delvis Tingvoll og Ålvundfjord og kan ha interesse for eit vidt publikum. Også på museet blir boka å få kjøpt.

Artikkeltags