Meir enn 20.000 besøkande på temasøndagane

Hyggetreff: Nokre av dei mange som har halde kulturhistoria levande denne sommaren.

Hyggetreff: Nokre av dei mange som har halde kulturhistoria levande denne sommaren.

Siden starten i 1995 har Bøfjorden Sjøbruksmuseum avvikla om lag 375 biletkåseri, foredrag og demonstrasjonar med meir enn 20.000 besøkande. Laurdag var det tid for hyggetreff med tilbakeblikk.

DEL

[Innsendt bidrag: Bøfjorden historielag]

Bøfjorden Historielag påskjønna dei gode hjelparane for sommarens dugnadsinnsats på sjøbruksmuseet laurdag. Av eit halvt hundre inviterte var eit 30-tal samla til middag og kaffe.

Museet har gjennomført 24 sommarsesongar med temasøndagar sia starten i 1995. Rundt 375 biletkåseri, foredrag og demonstrasjonar har såleis samla over 20.000 besøkande. Gjennomsnittet for 2018-sesongen er 52,5 – tilsvarande rundt 20% av folketalet i bygda. Da er ikkje publikum på Fjorddagen og Bøfjord-helga rekna med.

Tema av mange slag

Eit programinnslag på hyggetreffet var biletkavalkaden over årets ulike temaopplegg. Dette svinga frå uoppklarte tragedier til vakker bunadtradisjon, frå havdykk til pilegrimsruter, frå tønneproduksjon, kleppfiskeksport og gardshistorie til dialektforsking og lokale bokprosjekt. Alt presentert over kaffekoppen i samspel mellom kåsør og publikum.

Tilbakeblikk: Frå samlinga om bunadkunst i juli. Kåsør Ole Kristian Gundersen (frå venstre), instruktør Rannei Rødseth og John Nonnon Heggem – som sjøl har sauma denne mannsbunaden.

Tilbakeblikk: Frå samlinga om bunadkunst i juli. Kåsør Ole Kristian Gundersen (frå venstre), instruktør Rannei Rødseth og John Nonnon Heggem – som sjøl har sauma denne mannsbunaden.

Fjorddagar med sundbåtcruise og folkeliv ved sjøen har gjenskapt fordums skipstrafikk. Historielaget var i september også pådrivar og samordnar for nok ei Bøfjord-helg «tre dagar til ende».

Museet har fast opplegg for skuleelevar kvar vår. I år gav laget også ut lokal eventyrbok og utvida dialekthefte «Teft og tykkje».

Dugnad og gåver

Bøfjorden Historielag ser seg som ein vesentleg bidragsytar til kulturarbeidet i kommunen og distriktet. Også økonomien er basert på den same dugnadsinnsats som laurdagens hyggetreff var påskjønning for. Utan fast offentleg stønad blir arbeidet finansiert av loddkjøpande og kaffetørste gjester.

Siste tilskot til boksamlinga – «Allers Familie-Journal» årgang 1908. Gjevaren Elise Settemsdal (t.v.) saman med Eldfrid Sæthervik.

Siste tilskot til boksamlinga – «Allers Familie-Journal» årgang 1908. Gjevaren Elise Settemsdal (t.v.) saman med Eldfrid Sæthervik.

Samlinga av museumsgjenstandar veks stadig – endatil på hyggetreffet kom folk med sildelodd, foto av frakteskuta «Huldra» og med årgang 1908 av «Allers Familie-Journal»! Tidlegare i sommar kom modell av Shetlands-skuta «Arthur» og ei 234 år gammel stoldør frå korskyrkja i Stangvik.

Tilbakeblikk: Niandeklassingar i historisk fiskarmiljø under sitt årlege vårbesøk på sjøbruksmuseet.

Tilbakeblikk: Niandeklassingar i historisk fiskarmiljø under sitt årlege vårbesøk på sjøbruksmuseet.

No held sjøbruksmuseet stengt til neste sommar. Men lagets årbok «Gamle Nordmør 2018» er snart klar for markedet.

Artikkeltags