Med sundbåt frå byen for å vera med på fjorddag

Sundbåtferja «Framnæs» har gjesta Fjorddagen heilt sia 2013.

Sundbåtferja «Framnæs» har gjesta Fjorddagen heilt sia 2013.

For sjuande gong arrangerer Bøfjorden Historielag, Bø Grendalag og sundbåten Framnæs sin årlege Fjorddag komande søndag. Båtliv på sjøen, fellesskap på land og fjordtur i historisk farvatn fyller dagen.

DEL

Innsendt bidrag: Bernt G. Bøe

Sundbåten «Framnæs» tek passasjerar frå Piren i Kristiansund søndag morgon og går til Bøfjorden i farvatnet etter dei gamle fjordadampane som trafikerte her i hundre år fram til rundt 1960. Båten anløper Halsa, der nye reisande kan stige ombord.

Guider ombord er frå byen Jørgen Strand og frå Halsa Bernt Bøe. Dei serverer historier  om rutebåtane og fortel om liv og hendingar i bygdene langs fjorden.

Kafeteria og fjordliv

Alt før Framnæs klappar til kai på Bølandet, serverer Bø Grendalag  kaffe og pølser på Saga, den tidlegare fabrikken som produserte kleppfiskkasser for Werring og Jangaard.

Det er forventa yrande liv på fjorden. Fritidsbåtar og andre farty blir å sjå. Det ryktast at ei av dei historiske «presteskøytene» som vart bygde i Skålvikfjorden rett etter krigen, vil gjeste Bøfjorden denne søndagen.

Kapproing og fjordcruise

Frå Ilabukta blir det arrangert kapproing mellom kyrkjebåten «Hjelmkonnå», den over 140 år gamle «Fosnabåten» frå Heggem og ein nybygd fyring frå Husasnotra i Valsøyfjorden.

Deretter kan publikum bli med «Framnæs» på historietur rundt Bøfjorden. Bernt Bøe ved mikrofonen vil fortelje om livet langs fjorden, frå skutebygging og skipsfart via kjeltringstreker og skuletrafikk til dramatiske forlis.

Om «Cutty Sark» til avslutning

Bøfjorden Sjøbruksmuseum er ope, med kaffe og utstillingar heile dagen.  Her blir også Fjorddagen avrunda, og under avslutningsprogrammet vil Jon Storløkken kåsere om den legendariske 150 år gamle storseglaren «Cutty Sark» samtidig som han overrekkjer museet ein flott modell som han har laga av denne skuta.

- Som arrangør ønskjer vi sjølsagt sol og blå himmel, og vi har oftast hatt godver på fjorddagane heilt sia starten i 2013. Men fjorden byr på fine opplevingar også om det er vind og sjøskvett! seier  Bøfjorden Historielag og håpar mange besøkjer bygda denne søndagen – til sjøs eller til lands.

Artikkeltags