Luksusproblem på museet

Pappa Grim skaut godt på Landsskyttarstemnet nyleg. Men Varg har også teften - med hardbust!

Pappa Grim skaut godt på Landsskyttarstemnet nyleg. Men Varg har også teften - med hardbust!

Av
DEL

Innsendt bidrag: Bernt G. Bøe

Museet i Bøfjorden fekk luksusproblem søndag. Buakokkå selte tom bacalaogryta og laut laga meir. Og tida strakk ikkje til for alle leikane som stod på programmet.

Så «hårlugg»,  sekkeløp, «munkarkuler» og sjakk kan dukke opp att på aktivitetsdagen 8. september,  lovar styret. Men ingen sakna noko da små og store bokstaveleg leika seg i solskinet.

Utstilling

Først var det utstilling av leikesaker inne på museet – med bidrag frå mange: Artige bilar frå da dagens pensjonistar var små, flatjekter og leikebåtar - endatil med opptrekksmotor! Mykje gav nostalgisk kribling. Vakre og uttrykksfulle dokker og bamsar skapte stemning. Skumle våpen og skjold minte om tøffe vikingar og westernkriging.

Rattkjelken hans Sverre Eigil var eit praktstykke i seg sjøl - laga av smeden Sigurd Meisingset i Settemsdalen. (Men føret var dårleg da kjøkendamene Kari og Elise sette seg på og skulle kjøre!)

Kanskje eit hefte?

Å vippe jeppe fekk ein ikkje plass til – det var for mange bilar og folk ute. Men reglane vart skikkeleg gjennomgått, da Tor Holten fortalte korleis dei gjorde det på Toresetra for 60-70 år sia. Med han og andre ekspertar på laget ønskjer Bøfjorden Historielag å få til eit hefte med slike klassiske barneleikar.

Skotthyllkast er ein stor idrett - med klubbar, seriøs satsing og meisterskap rundt i landet. På museumsdagen var den enkle varianten frå Bølandet praktisert. Ei enkel vedskie og ein høveleg stein var alt som trongst da vaksenkarane Geir og Kristian og dei noko yngre Harald, Einar og Varg konkurrerte. Stor spenning og mange treff - og premiering etterpå.

Paradis og ballkuler

Bidil Kvam Aasbø hoppa paradis etter Rennebu-mønster, og smårollingane tok etter. Like eins rutehopp - ein annan variant av same leiken. Ball-kulene er litt ulike frå bygd til bygd og frå landsdel til landsdel. Randi Bøe demonsterte Hattfjelldalskula, Inger Lise Heggem viste korleis ho hadde lært den på Åsgard og Bodil hadde ei virtuos oppvisning frå Rennebu.

Avslutningsvis vart det skyting med «hardbust». Det middeladerske krigsvåpenet «armbrøst» har ein lokalspråkleg og mindre farleg avleggar  hos oss. Både Ingrid og Varg fekk fart på pilen i børsa - vel å merke: Med alle sikringstiltak på plass. For dette er skumle greier viss ein er uforsiktig!

To ting kan vi slå fast: Vi har massevis av artige (og billege) leikar å ta i bruk utanom dataspel og dyre kjøpesaker. Og alle samtykte om at bacalao er furkunnmat!

Artikkeltags