Levande musikk og vakre bilete på museet

TILBAKE: Reidar Østvik besøkte museet med fotokunst også i 2011. Søndag er han tilbake.

TILBAKE: Reidar Østvik besøkte museet med fotokunst også i 2011. Søndag er han tilbake.

Av

Folkemusikaren Torgeir Leivdal og fotokunstnaren Reidar Østvik gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Levande musikk og vakre bilete står på programmet.

DEL

Reidar Østvik bur i Todalen. Han arbeider med teknikkar som gir vanlege foto nye kunstnarlege dimensjonar og viser eksempel på dette. Østvik gjesta Bøfjorden også i 2011.

Torgeir Leivdal er kulturhandverkar i dobbel forstand. Tilknytta Husasnotra jobbar han med historiske byggeteknikkar. Han er også engasjert i restaureringa av den gamle kavlvegen på Eidet i Surnadal. Som felespelar vil han framføre slåttar etter Alexander Brandvik frå Bergsøya og folkemusikk frå Todalen.

Historielaget lovar også vakre naturbilete og lokal målarkunst på lerretet innimellom feleslåttane. Landskapet rundt Bøfjorden vil brette seg ut, og måleri av kristiansundaren Conrad Valeur (1850-1919) blir å sjå.

Alt dette i tillegg til at publikum kan nyte ettermiddagskaffen i godt lag.

Artikkeltags