Leik og middag på museet

Syver og Einar prøvekjører «hardbust» og «flatjekt».

Syver og Einar prøvekjører «hardbust» og «flatjekt».

Av

Leik og leikesaker er levande kulturhistorie. Søndag er det jeppe, hårlugg, ludo og mykje anna på museet i Bøfjorden. Frå kjøkenet duftar det bacalao.

DEL

Historielaget i Bøfjorden inviterer store og små når tradisjonelle barneleikar blir henta fram att.

- Og ta gjerne med leiker heimafrå, slike som har vore bruka opp gjennom åra, seier Gunnhild Vetleseter Bøe.

Ho og resten av styret lovar at temadagen skal børste støvet av både ute- og inneaktiviteter, mest slikt som var tidtrøyte i gamle dagar.

Blir veret bra, skal mykje skje ute.

- Vi skal vippe jeppe og hoppe paradis, kaste skotthylle og vise ballkuler, kommenterer gruppa som onsdag var samla til mimring og idedugnad.

Det blir skyting med pilbørse (lokalt kalla «hardbust») og prøving av både bandhjul og flatjekter - sikkert også sekkeløp og «munkarkuler».

- Kanskje treng vi hjelp til å friske opp att reglane?, undrast Inger Lise Heggem.

Innandørs blir Ludo, Svarte-Per, sjakk og «mil» å finne på borda. Men tru om nokon tør å spela «hårlugg»?

Å tape i «hårlugg» er ikkje spøk, men artig lell, seier Gunvor og Inger Lise.

Å tape i «hårlugg» er ikkje spøk, men artig lell, seier Gunvor og Inger Lise.

- Så lurar vi på om nokon tek med seg «kattikallar» og gamle Westernblad - eller kanskje ein gammal rattkjelke? Ei lita kulturutstilling av leikegjenstandar hadde vore flott, og alt slikt er av interesse!, seier historielagsleiar Bernt Bøe.

«Buakokkå» May Iren Dønheim Hovde sørgjer for kortreist bacalao som middag på sjøbruksmuseet denne søndagen. Så her blir det noko for ein kvar smak, bokstaveleg tala.

Artikkeltags