Jubilant og bryllaupsgjestar på fjorddag

Risør-skøyta «Solfrid» vekte nostalgisk interesse på fjorddagen.

Risør-skøyta «Solfrid» vekte nostalgisk interesse på fjorddagen.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Hundreårsjubilant «Framnæs», Risør-skøyta «Solfrid» og lokale bryllaupsgjestar sette preg på årets fjorddag i Bøfjorden.

DEL

Innsendt bidrag«Framnæs» - bygd på Kleivset i 2012 - er tru kopi av namnebror «Framnæs III», som starta trafikk mellom «landan» i Kristiansund i 1917. Slik vart eit 100-årsjubileum feira denne flotte søndagen. Først med tur frå byen så å seie i kjølvatnet av dei gamle fjordadampane, deretter med guida cruise langs historisk landskap i Bøfjorden og til slutt med foredrag på museet, om pendelferjer «Fra Hudson River til Kristiansund».

Ferien får ta skulda for at få båtar var heime til å skape liv og fart på fjorden, at lite fisk vart fanga og at kyrkjebåten «Hjelmkonnå» var underbemanna.

Skapte nostalgi

Men folk hygga seg når Bø Grendalag serverte kaffe og pølser på Saga og når Endre Vikan la til kai med den 97 år gamle Risør-skøyta «Solfrid». Dunkinga av Brunvoll-motoren skapte ei stemning som mange kjente att frå tida med alle frakteskutene på Ilabukta. Folk tok seg ein prat frå kaikanten og fekk høre om den vakre skuta si fortid.

Mest preg sette likevel staselege «Framnæs». Med bølendingen Einar Staknes som kaptein gjekk ho to turar med interesserte passasjerar langs stranda til Kalsetlandet. Bernt Bøe frå fjorddagsarrangør Bøfjorden Historielag fortalte undervegs om hendingar på sjø og land i gamle dagar.

Cruise med historikk

Skrøvsetvika var handelsstad og trafikknutepunkt. Ved Skrøvsetskjeret var det skipsverft og fiskeindustri. Ved holmen forliste Møre-dampen «Statsraad Riddervold» i 1944. «Dragsetvisa» frå 1700-talet fortel om brørne som drukna og om søstera som like etter vart drepen av Mannbjønnen.

Garden «Drifasætre» er nemnt alt i 1303, da den rike husfrøya Gyrid testamenterte denne og andre jordeigedomar til korsbrørne i Nidaros. På Heggem er det funne flintsaker frå steinalderen. Og her budde «trollmannen» Erk - som for to hundre år sia skal ha bruka Svartboka og utretta  overnaturlege ting.

Handverkarar og kraftkarar

Dyktige handverkarar, kraftkarar og eventyr om både Oskfisen og Jutulen vart kommentert under turen. Like eins at uvanleg dyktige kulturpersonar – operastjerner og TV-kjendisar - har sine aner frå området utover mot Kalset.

Om bord serverte trisene Randi Westavik Rossbach og Turid Lyster kaffe, bakels og kaker. I maskinen hadde Per Steen full kontroll. Kaptein Staknes og «plikthugger» Odd Kvernes stod ved rattet kvar si vakt. Folk hygga seg ved borda og på dekk og kunne nyte vakkert fjordlandskap i fulle drag.

Bryllaupsreise

Særleg artig var det at nygifte Tanja Heggem og Ove Aage Grimsmo dagen etter vielsen i Åsskardkyrkja gjorde bryllaupsreise på sundbåten saman med mange av gjestane sine.

Seks år gamle Syver Vetleseter Melling vann fiskekonkurransen – med middagstorsk på 50 cm.

Primus motor for nye «Framnæs», skipsingeniør Einar Sæter, avslutta programmet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, der han saman med Terje Holm i ord og bilete viste sundbåthistorie heilt frå elveferjene på Hudson River til den flotte jubilanten som for femte år på rad kasta glans over fjorddagen.

Artikkeltags