Humor på museet

Bøfjorden Historielag følgjer opp Elvanesset-dagane med vanleg opning på sjøbruksmuseet søndag. Tema denne gong er «Humor på museet» - servert av dagens hemmelege gjest og andre.

Bøfjorden Historielag følgjer opp Elvanesset-dagane med vanleg opning på sjøbruksmuseet søndag. Tema denne gong er «Humor på museet» - servert av dagens hemmelege gjest og andre.

Av

Bøfjorden Historielag følgjer opp Elvanesset-dagane med vanleg opning på sjøbruksmuseet søndag. Tema denne gong er «Humor på museet» - servert av dagens hemmelege gjest og andre.

DEL

Blant desse andre reknar ein også publikum i salen. Arrangører gir ordet fritt for den som har muntre bidrag å dele med andre.

Sjølv lovar historielaget at det blir både Svorka-skrøner, stubbar frå sjømannslivet og opplesing av godbitar frå humoristisk lokal litteratur. Stoff etter Johan Kjønø, Leif Halse, Hans Hyldbakk andre kåsørar og skribentar blir å høre.

Historielaget har invitert ein av dei mange dyktige revykunstnarane i distriktet. Men kven det er, blir halde hemmeleg til programmet opnar søndag ettermiddag.

Museet i Bøfjorden har jamnt godt besøk. Søndag blir det sikkert mykje humring attmed kaffeborda.

Artikkeltags