Historie på museet: Gard og folk i Settemsdalen

Før 1938 danna gardane i Settemsdalen ein liten landsby. Her er nokre av husa sett frå vest.

Før 1938 danna gardane i Settemsdalen ein liten landsby. Her er nokre av husa sett frå vest.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag fokuserer museet i Bøfjorden på grendahistoria i Settemsdalen. Attåt ein rikhaldig biletserie får publikum høre om dei som utvandra hit frå Fjølåsen i Lensvika.

DEL

Jens Fjølås og kona Ingeborg kom hit i 1857 og vart stamforeldre til dei fleste som no heiter Settemsdal.  I persongalleriet etter dei finn vi dyktige arbeidsfolk, skreddarar, bjørnejegrar og kunstnarar.

Lysbildelerretet formidlar oldfunn og hollendersagbruk, Hjelmendress og robotfjøs, juletreplantasje og tjørebrenning.

Kvinneprofilane Dordi-Dørdi og Grøtan-Gurå blir presentert. Like eins den store bureisinga i Slettå på 1940-talet og smeden ved Liabekken som gjorde alt frå tømmerkliper til rattkjelkar.

Før bjønnastøtta snart hamnar i Trøndelag, er historia om Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen spennande tradisjonsstoff som hører Settemsdalen til.

Joar Tøndel frå Lensvik Historielag fortel om dei tre brørne som drog ut i verda frå hans heimbygd. Den eine drog langt. Dei to andre har mange etterkomarar i Halsa og i Settemsdalen.

Artikkeltags