Bunadkunst på museet søndag

Ole Kristian Gundersen med eldgammel nordmørsbunad

Ole Kristian Gundersen med eldgammel nordmørsbunad

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Farstadvesten og nordmørsbunaden er tema på museet i Bøfjorden søndag. Vevkunstnar og musikar Ole Kristian Gundersen har også med seg fela.

DEL

Ved sida av yrket som sjukepleiar har freiøyingen oppretta firmaet «Gundersen Bunad og Vev». Her gjenskaper han – med handveving - blant anna den flotte «Farstad-vesten», som Inga Farstad frå Straumsneset utvikla til topp kunsthandverk for 70-80 år sia. Og det med same utstyret som Inga Farstad sjøl sette opp saman med Lisbet Børset frå Ålvundeidet i si tid.

Vakre,  både gamle og nyare bunader blir å sjå – noko som sikkert vil falle i smak hos publikum. (Som gjerne må ta med seg bunadplagg til ei mini-utstilling!)

Ole Kristian er også fiolinist og tek med fela til museumsdagen. Så det blir både bunadkunst og tonekunst å oppleva i det historiske miljøet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Artikkeltags