Bøfjorden sommaren 2018: Eit halvt hundre arrangementer

Klare til ny sesong. Fire frå det attvalte styret i Bøfjorden Historielag: Gunnvald Bøe (frå venstre), Ragnhild Skrøvset, Inger Lise Heggem og Inge Dønheim. (Femtemann i styret, Bernt G. Bøe, tok biletet.)

Klare til ny sesong. Fire frå det attvalte styret i Bøfjorden Historielag: Gunnvald Bøe (frå venstre), Ragnhild Skrøvset, Inger Lise Heggem og Inge Dønheim. (Femtemann i styret, Bernt G. Bøe, tok biletet.)

Artikkelen er over 1 år gammel

Hvis du berre skal vera ein stad på Nordmøre i sommar, bør du vurdere Bøfjorden. Den vesle bygda kan skilte med om lag eit halvt hundre arrangementer.

DEL

Bøfjorden Historielag har sommaren klar og presenterer med fellesguiden «Opplev Bøfjorden» eit halvt hundre arrangement som heile bygda står for i løpet av sommaren.

Høgdepunktet kjem truleg den 7. september, når sjølvaste Halvdan Sivertsen kjem til Leikarvollen Scene, Han har med seg Torstein Snekvik som gjest.

14 søndagsprogram

Ragnhild Skrøvset, Inge Dønheim, Gunnvald Bøe, Bernt Bøe og Inger Lise Heggem vart på årsmøtet attvalde som leiarteam for historielaget.

Årsmøtet sitt tilbakeblikk på 2017 viste eit aktivt år i Bøfjorden Historielag. Sentralt i arbeidet står temadagane på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Desse hadde i fjor eit gjennomsnittleg besøk på 55.

Årbok fra Nordmøres kultursenter 

Styret har planene klare også for 14 søndagsprogram i 2018. Sesongen startar 17. juni og varer til 16. september. Desse søndagane byr museet på demonstrasjonar, film og foredrag ved Einar Oterholm, Nils Aukan, Ole Kr. Gundersen, Tor Fjærli og historielagets eigne fagfolk. På temalista står mellom anna nyskrivne bøker, gardshistorie, dykkaropplevingar, bunadsveving, tønneproduksjon, badstuhistorikk, dialekt, musikk og anna kulturhistorie.

Fjorddagen den 8. juli er ei særs satsing, med guida fjordcruise (sundbåten «Framnæs») og sjøliv av alle slag.

Sommarguide

På vegner av heile bygda gir styret ut sommarguiden «Opplev Bøfjorden». Her er ulike lag representerte  - med rundt 50 større og mindre arrangement.

Blant desse står olsoktreffet ved Elvanesset  27.-28. juli sentralt – med bryggekonsertar, redningsskøytebesøk, sundbåten «Angvik», segling, kajakkpadling og ymse tiltak for heile familien.

Ein vesentleg  sommaraktør er også Bøfjord Idrettslag – med barnefotball, turløp (Åsskardfjorden Rundt 27.5, Blåfjelløpet 1.7), trimtreff og andre tiltak.

Artikkeltags