Han er forfattaren surnadalingane låner mest av

MEST LÅNT: 
Edvard Hoem er forfattaren som er mest utlånt frå Surnadal folkebibliotekt.

MEST LÅNT: Edvard Hoem er forfattaren som er mest utlånt frå Surnadal folkebibliotekt.

Artikkelen er over 1 år gammel

Norske forfattarar er mest populære for dei vaksne, mens dei unge helst vil krype oppi i trehusa.

DEL

Surnadal folkebibliotek har funne fram til kva som var deira mest populære bøker i fjor, og det var Edvard Hoems utvandringshistorie som toppa på totale utlån. Den tredje boka i serien, «Land ingen har sett», er registrert med totalt 32 utlån. Det skriv biblioteket i ei pressemelding.

Andreplassen, med 25 utlån, er delt mellom Jo Nesbø («Tørst») og Vigdis Hjorth («Arv og miljø»). Det er også norsk på dei neste plassane; Jørn Lier Horst («Når det mørkner») og Anne B. Ragde («Alltid tilgivelse»).

Det totale utlånet på kvar bok er nok høgare, da dette stort sett er bøker som kom ut seinhausten året før.

For barnebøkene er det heller spedt med norske forfattarar i toppen. Andy Griffiths serie om «Gutta i trehuset» legg beslag på dei første fem plassane. To andre «serie-forfattarar» kjem etter Griffiths; Jeff Kinney («En pingles dagbok») og Dav Pilkey («Kaptein Supertruse»).

Av enkeltfilmar for vaksne er det norske «Bølgen» som har vore lånt mest (11 utlån). Andre filmar med mykje utlån er «En mann ved navn Ove» og «En gatekatt ved navn Bob». Av seriar er det «Reign», «The Vampire Diaries» og «Game of Thrones» som har flest utlån.

«Dyrene i Hakkebakkeskogen» er mest lånt ut til dei minste (10 utlån), sjølv om filmen først vart tilgjengeleg eit godt stykke inn i 2017. Andre populære er (som alltid) «Frost», «Karsten og Petra»-filmane, «Mormor og de åtte ungene» og «Doktor Proktors tidsbadekar».

Av sakprosa skil Åsne Seierstad seg ut med «To søstre», med heile 24 utlån. Men den boka som er mest utlånt, om vi summerer alle utgåvene, er «Veien til førerkortet». «På vei» (norskopplæring) og tidsskriftet «Bonytt» har også høge utlån.

Artikkeltags