Lars Steinar Ansnes fekk målprisen 2017

Nøgd: Det var ein stolt Lars Steinar Ansnes som tok imot Nordmøre Mållag sin målpris.

Nøgd: Det var ein stolt Lars Steinar Ansnes som tok imot Nordmøre Mållag sin målpris. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Mangeårig redaktør i Aura Avis, Lars Steinar Ansnes, blei premiert med Nordmøre Mållag sin Målpris under årsmøtet laurdag.

DEL

- Eg vert overraska, det betyr kjøle mykje for meg å få ein slik pris, seier Lars Steinar Ansnes om å motta målprisen 2017, til Tidens Krav.

Språkentusiasten nyttar nynorsk både i rollen som redaktør for Aura Avis, men også i ein personleg blogg.

- Eg meiner det er viktig at eg, i rollen som redaktør, held spørsmålet om målet relevant. Det er jo likestilt med bokmål. I tillegg nytta eg nynorsk i ein blogg, som etter hvert har fått ein del lesarar. Eg ser på dette som ein flott anerkjenning av det eg driv med, fortsett Ansnes.

- Det er kult å sjå at folk interesserar seg. Men det er også viktig å minnast at også bokmålen har ei utfordring i forhold til blant anna påverknad frå engelsk, seier han videre.

Verdig vinner

Leiaren i Nordmøre Mållag, Åsmund Ormset, sa at Ansnes får prisen for si «tydelege utvikling i målsyn og praksis.»

- Ansnes er mest kjend som mangeårig redaktør for Aura Avis, men Nordmøre Mållag skriv i grunngjevinga si at: «privat er han òg redaktør for Jul på Nordmøre og medlem i skriftstyret for Stangvik historielag sitt årsskrift. Dei siste åra har han vore med på å skrive to bøker om setring og anna utmarksbruk. Både som redaktør og privatperson tek han ansvar for språkleg rettferd og toleranse», seier Ormset i ei pressemelding.

Bevare skriftkulturen

Ansnes presiserer til TK, at han nytter båe skriftmåla.

- Eg nytter en del bokmål i jobben som redaktør blant anna. Eg meiner Nordmøre Mållag, med denne prisen, gjer ei anerkjenning til at språkkampen ikkje er ein einsidig kamp for nynorsk, men ein bredere ein, for ein tospråkelig skrifkultur, seier han.

Samtidig trur han nynorsk er meir utsatt.

- Det er ein meiningsfull oppgave, og vi må setje fokus på utfordringane, vi vil jo at folk skal kunne lese og forstå Arne Garborg, også om hundre år, seier Ansnes.

Artikkeltags