Laga beste gjendiktning av Bowie

Bowie-gjendikting: Marit Eikemo og Helge Olsen vant konkurransen. Foto: privat

Bowie-gjendikting: Marit Eikemo og Helge Olsen vant konkurransen. Foto: privat

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Forfattar Marit Eikemo og mannen Helge Olsen (opprinneleg frå Kristiansund) vant konkurransen om beste David Bowie-gjendiktning under Bygdalarm i Øystese laurdag.

Arrangementet vart avvikla for sjette gong.

30 bidrag kom inn i den uhøgtidlege tevlinga om å gjendikta Bowie til nynorsk. Utveljinga skjedde med anonym utsending av tekstane til jurymedlemmene og juryleiar Ruth Lillegraven og to rundar med bedømming før den relativt soleklare vinnaren vart kåra: forfattar Marit Eikemo og mannen Helge Olsen.

Paret såg lysinga, og sidan dei begge hadde vore triste over dødsfallet til Bowie tidlegare i år, gjekk dei straks i gang med oppgåva. Eikemo la ikkje skjul på at dei var svært nøgde med resultatet, og det viste seg at juryen var heilt på nett. Deira versjon av «Life on Mars» skilde seg ut med å vera både tru mot originalen, men lagt inn nye, friske vendingar som gjenspeglar det norske samfunnet i dag. Premien er heider og ære, og låten vart nydeleg framført av Stig Lundblad-Sandbakk. Også tre andre gjendiktingar fekk heiderleg omtale.

Artikkeltags