«Du mitt Nordmøre» gjer stas på fotballjentene

Guro Reiten og dei andre fotballjentene frå Sunndal har fått plass i årets «Du mitt Nordmøre».

Guro Reiten og dei andre fotballjentene frå Sunndal har fått plass i årets «Du mitt Nordmøre».

Fotballjentene frå Sunndal og på ungdomsskuleelevane som har skrive om dei er blant sakene som har fått plass i årets utgåve av «Du mitt Nordmøre». Dette er 54. gongen at Nordmøre Mållag kjem med boka.

DEL

Nordmørsidentiteten får mykje plass i årets utgåve av «Du mitt Nordmøre». Og fotball skapar identitet like godt som mykje anna.

Det er eit fornøgd skriftstyre som legg fram ei fyldig bok på nesten 200 sider med mykje aktuelt stoff frå alle delar av nordmørsregionen.

Eit hovudpunkt i år er spørsmålet om nordmørsidentitet i ei tid der kommuner blir slått saman og fylkesgrensene blir endra. Ordførarane i Eide, Rindal, Halsa og Gjemnes bidreg med kvar sin lille tekst om lokal tilhørigheit og kva det vil seie å vere nordmøring.

Bunadsgeriljaen har vore mykje i søkelyset det siste året. No ser vi ikkje lenger bunaden berre som eit festplagg, noko «Du mitt Nordmøre» følgjer opp med saker om ein allsidig bunadsentusiast, to jordmødrer og båten som bunadsgeriljaen brukte.

Gjer stas på jentene

Fotball er ikkje det stoffområdet som gjennom åra har fått mest merksemd i årboka frå mållaget. Men i år er gjer mållaget stas på fotballjentene frå Sunndal og på ungdomsskuleelevane som har skrive om dei.

- Vi gler oss over å presentere to flotte innvandrarkvinner i Aure. Ein kan vidare lese om vikingar i Averøy, namnestriden Fosna- Kristiansund, folkerøystinga om brennevinsforbod i 1919 og mykje anna: personlege skildringar, intereressante personlegdomar, blomstereng og kulturlandskap, villsau og nyvinning for beitedyr. Her er både musikk og mange fine dikt, skriv leiar for skriftstyret, Astrid A. Aubert, i si oppsummering av boka.

- Dessutan har vi med eit storveges dialektkåseri frå Surnadal, der vi legg ut ein lydlink på heimesida til Nordmøre Mållag; nordmoremallag.com. Vårt ynskje er at «Du mitt Nordmøre 2019» skal bidra til å syne omverda at nordmøringane er sterke og har mykje å fare med. Saman held vi nordmørsidentiteten levande, skrive Aubert.

Du kan få kjøpt boka for kr. 200 i bokhandlane i Kristiansund og andre stader på Nordmøre. I mange bygder blir boka som vanleg selt på døra. Du kan også få kjøpt ho ved å ta kontakt med salsansvarleg Nils Ulvund.

Artikkeltags