Kulturminne på Nordmøre får støtte

Elverhøy i Sunndal har rike tradisjonar når det gjeld fiske og britiske fiskelordar som besøkte staden flittig på midten av 1800-talet. Eigaren har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet, og har i år blitt gjeve 190.000 til arbeider på huset. I dag brukast Elverhøy til utleige som overnatting og selskapslokale. (Foto: Privat)

Elverhøy i Sunndal har rike tradisjonar når det gjeld fiske og britiske fiskelordar som besøkte staden flittig på midten av 1800-talet. Eigaren har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet, og har i år blitt gjeve 190.000 til arbeider på huset. I dag brukast Elverhøy til utleige som overnatting og selskapslokale. (Foto: Privat)

11 eigarar av kulturminne i Møre og Romsdal får 1,2 millionar kroner i støtte frå Kulturminnefondet. Mesteparten av pengane går til Nordmøre.

DEL

To søkjarar frå Sunndal stikk av med dei største beløpa.

Både skifertak på nordmørslån (Magnhild Kopperstad Wolff) og øst- og sørfasade på Elverhøy har fått tilskott på 190.000 kroner.

Kjønnøybrygga i Kristiansund (Gunnar Kjønnøy) får 177.000 kroner, Gjemnes gård, naust (Christen Bruseth) 50.000 kroner, låvebygning Ellevsøy, Inger Lise Lervik, Smøla, 50.000, Grindfjøs/Låve Tustna, Pål Gunnar Ørbog, Aure, 140.000 og fjøsvegg Ripa, Eir Grytli, Tingvoll, 44.000.

Kulturminnefondet har slutta med ei årleg søknadsfrist, og gjev no støtte til kulturminne over heile landet kontinuerleg i 2019.

I årets første kvartal er det behandla 488 søknader, der det er søkt om 220 millionar kroner til saman. 283 prosjekt har blitt gjeve støtte, men ei samla sum på nesten 58 millionar kroner.

- Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta var på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemeldinmg.

Ifølgje den same meldinga er det er svært gode tilbakemeldingar på løpande behandling av søknadar frå private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne. Tida Kulturminnefondet brukar på saksbehandling skal ha gått kraftig ned.

Artikkeltags