Jonsvaka med Lindeman-jubileum

DELTEK: Turid Røen Kroknes syng mellom anna Bach, Skogstad og lokale folketonar på fredagens Jonsvaka i Åsskard kyrkje.

DELTEK: Turid Røen Kroknes syng mellom anna Bach, Skogstad og lokale folketonar på fredagens Jonsvaka i Åsskard kyrkje.

Av

Hovudaktørar på fredagens Jonsvaka i Åsskard kyrkje er organisten Jon Skogstad, songaren Turid Røen Kroknes og fiolinisten Rannveig Ryeng. Men kvelden opnar med jubileumsportrett av «Norges Første Musiker» - ein surnadaling fødd for 250 år sia.

DEL

Bernt Bøe har lysbildekåseri over denne jubilanten - Ole Andreas Lindeman (1769-1857) - som gjennom si gjerning og sin barneflokk grunnla musikkdynastiet Lindeman. Kulturlivet på sorenskrivargarden Øverlandet og mange lindemanske geni blir presentert. Blant desse står salmekomponisten, orgelvirtuosen og folketonesamlaren Ludvig Mathias sentralt.

Kveldens høgdepunkt er den sommarlege midnattskonserten - varemerket for årlege Jonsvaker sia 1982.

Her hører vi organisten Jon M. Skogstad, oppvaksen i Surnadal og no førsteamanuensis ved Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim. Han er blant landets fremste ekspertar innan barokkmusikk. Jon har spela inn fleire plater, m.a. med Bach-musikk – som han også framfører fredag. Han er også komponist, og fleire av hans songar blir å høre på konserten.

Songar og lærar Turid Røen Kroknes er kjend som operasolist frå Kristiansundsoperaen, turne med Den Norske Opera og frå Steinvikholmen («Olav Engelbrektson»). Blant sine mange kyrkjekonsertar kan ho rekne pasjonar og oratorium av Bach og Handel. Turid har også gjeve ut plater. Ho er tildelt Halsa kommunes kulturpris og Bræinprisen – denne for si formidling av nordmørske folketonar.

Fiolinisten Rannveig Ryeng er frå Trondheim. Som frilansmusikar har ho delteke i Trondheim Symfoniorkester og Trondheim-Solistene. Med særleg interesse for tangomusikk har ho studert denne stilarten ved opphald i Buenos Aires.

Av programmet nemner vi kyrkjemusikk av Bach og Frescobaldi, folkemusikkfantasi av Peter Lindeman, melodiar av Grieg, Wolf og Skogstad og folketonar frå Rindal, Surnadal og Åsskard. Det blir også allsong.

Arrangøren, koret Prosjekt 17, spanderer kaffe og kaker i pausen mellom kåseri og konsert.

Artikkeltags