Tema kleppfisk på Sjøbruksmuseet

Leif Erik Kalseth hadde teke turen frå Sandefjord til familiehytta ved Kalset for å ha bildekåseri på dag 2 av Bøfjord-helga 2018.

Leif Erik Kalseth hadde teke turen frå Sandefjord til familiehytta ved Kalset for å ha bildekåseri på dag 2 av Bøfjord-helga 2018.

Av

Eit fint samantreff: Laurdag hadde TK ein flott artikkel om kleppfiskbyen Kristiansund. Søndag følgde Leif Erik Kalseth opp med foredrag om same emne på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

DEL

Leif Erik har så å seie vakse opp i kleppfisknæringa. Han er fødd på Cuba, der faren frå 1938 var visekonsul og seinare fiske-attaché. Havana var så å seie mellomstasjon for kleppfiskeksporten frå Kristiansund til Sør-Amerika.

På fanget til Hemingway

- Og på puben der i byen vanka folk som Sinatra og Hemingway, fortalte Leif Erik til dei mange frammøtte. – Ja, som toåring sat eg på fanget til Ernest Hemingway!

Foredraget gjorde greie for historikken bak Kristiansunds posisjon som kleppfiskby. Foregangsmenn som Jappe Ippes, John Ramsay og William Lesley på 16- og 1700-talet visste å utnytte fisken forretningsmessig.

Det enorme behovet for konserverte, les salta og tørka, fiskeprodukt i katolske land skapte eit enormt marked. Særleg galdt dette i fastetida, da fiske erstatta kjøtt – som ein ikkje brukte i denne perioden. Innleiinga til fasten – karneval (carne valete) – betyr jo «farvel til kjøttet»!

Ringvirkningane for lokal sjøfart var store. Jakter og galeasar segla til Lofoten og Finnmarka, salta skrei i lasterommet og brakte den til tørkeplassane på blankskura holmar på Nordmøre. Og etter at ei lita skøyte på 70 fot innleia eksporten med last til nettopp Cuba rundt 1850, kom seglskuteflåten med i transporten.

Miljø på museet

Kristiansunds posisjon fekk ein knekk da mange fiskebrygger brann ned under krigen. Elektrisk inne-tørking tok gradvis over for soltørking på berga. Men Kristiansund har enno ein god norsk 3. plass i eksporten, fortalte Kalseth og viste til 2017 som rekordår. Da var den nasjonale utførselen av kleppfisk på oppunder 90 tusen tonn.

Bengt Eriksson supplerte Kalseth sitt foredrag med interessante opplysningar om kleppfisk og eksport. Kanskje merka begge at dei var hos «sine eigne» med dette emnet. Topp-ladet ved museumstrappa, foto og modell av slofartskuter, bøfjordlaga eksportkassar for Werring og dufta av ekte kleppfisk i rommet skapte atmosfære. Dessutan stammar både Kalseth og Eriksson (med With-aner) frå denne fjordbygda.

Artikkeltags