Gadus Group ved Falk Øveraas er ikkje heilt nøgd med kva Naturvernforbundet meiner om verksemda deira. Det var gjerne ikkje anna å vente.

Viss Naturvernforbundet hadde stilt seg kritisk til alt det Øveraas har på lista si, så hadde det vore litt ille. Som oftast er det ikkje tiltaket vi er kritisk til. Som oftast er det at sakene er dårleg utgreidd som er det største problemet. Når turstiar blir anlagt utan at ein gjer undersøkingar og vurderingar i samsvar med naturmangfaldlova, så gjer ein noko gale. Turstien kan vere heilt grei den, men det veit ein ikkje før ein også får fram kva natur som blir påverka. Slik er det med vegbygging, moderne fiskeri, gruvedrift og mykje anna.

Det er ganske stor forskjell på om ein er kritisk til/mot alt eller er for at ein skal gjere vedtak på grunnlag av kunnskap også om naturen.

Naturvernforbundet meiner det er viktig at dei som bestemmer, har kunnskap om naturen når det skal gjerast vedtak som har verknad på naturen. Vi har nok av problem knytt til saker der ein har gløymt dette.

Les også

No går torsken

Les også

Sprer usannheter om torskeoppdrett